Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Klart vi les! NYNORSK BARNEBOKVEKE

Denne veka er det Nynorsk barnebokveke og vi har ekstra fokus å formidle alle dei flotte bøkene som finnast på nynorsk - det skriftspråket ungane på Hareid møter når dei byrjar på skulen. Det er viktig at både foreldre, biblioteket og skule - og barnehagetilsette her i kommunen har fokus på å nytte nynorske bøker i arbeidet med born, slik at borna vert tryggare på det språket dei sjølve skal skrive. På biblioteket kan du sjå og låne eit stort utval nynorske barne- og ungdomsbøker! 

Aktuelt

BLÅMANN, BLÅMANN BUKKEN MIN..

Onsdag 7. mars, kl. 12.30 er det dukketeater på biblioteket i samband med 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje. Folkeakademiet kjem med framsyninga "Blåmann, blåmann bukken min".

Frå 3 år. Gratis inngong.

 

LESESTUND MED SANITETEN

Laurdag 4.5, kl. 13.00, vil Torill Sellereite og Ingrid Stennes fra Hareid Sanitet lese for born på biblioteket.
 Alle ♥️leg velkomne.

LESESIRKEL - ONSDAG 22.5, KL. 18.00

Denne gongen skal vi snakke om "Leksikon om lys og mørke" av Simon Stranger.

Alle som ynskjer er hjartelig velkomne.

PressReader

Prøveperioda er utvida!

AVISER OG TIDSSKRIFT FRÅ ALLE VERDAS LAND.
Logg deg på appen PressReader når du er innom biblioteket og få gratis tilgang.

Biblioteket har fram til 10. oktober ei prøveperiode på appen der du kan lese tusenvis av aviser og tidsskrift direkte på din telefon eller nettbrett. Sjekk ut dette tilbodet!

Barnebokstund med Maria Parr

Laurdag 5. november, kl. 13.00, vert det barnebokstund med Maria Parr på biblioteket.

Passar best for 2. klasse og oppover. Arrangementet er gratis.

ALLE VELKOMNE!

Dette er i samarbeid med Hareid mållag. 

TRENG FRIVILLIGE LEKSEHJELPARAR!

I haust blir det leksesamling for foreldre og born kvar tysdag frå kl.14.15 - 15.45. Vaksne vil vere her å hjelpe borna og foreldra deira med leksene etter skuletid og hovudmålet er å kvalifisere foreldre til å hjelpe borna sine med leksene. Kunne du tenkje deg å vere frivillig leksehjelpar eller kjenner du nokon det kunne passe for? Ta kontakt med Hareid Frivilligsentral, Ressurssenteret eller biblioteket

SJØLVBETJENT UTLÅN

Ta med lånekortet ditt eller ha lånekortet på mobil, så betjener du sjølv dine utlån, innleveringar og fornyingar på biblioteket.

Her er Anne Vatnehol i gong med å prøve den nye sjølvbeteningsautomaten for fyrste gong:)

VIL DU HJELPE TIL?

Denne tida er små og store i full aksjon over heile landet med strandrydding og rydding i naturen elles. Om du ikkje har fått henta gratis sekkar og hanskar hos Hareid kommune eller Søre Sunnmøre Reinhaldsverk enno, så kan du få det på biblioteket på laurdag mellom 11-14. Det er gode, solide hanskar som også kjem i barnestr.

Vil du spele sjakk?

  • Vi ynskjer å prøve å få til spelkveldar der vi til dømes kan ha turneringar og sjakkopplæring, men mest av alt ein sosial møtestad rundt sjakkspeling.
  • Vil du vere med? Ta kontakt med biblioteket. Eller kom og spel - fleire sjakkbrett står heile tida framme.

 

 

Du kan låne E-bøker frå biblioteket

Du kan laste ned E-bøker på nettbrett eller mobil.
Alt du må gjere er å laste ned appen ebokbib, finne fram lånenummer og PINkoda di. Lånetida er 3 veker og du kan låne 3 bøker i slengen.

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no