Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Klart vi les! NYNORSK BARNEBOKVEKE

Denne veka er det Nynorsk barnebokveke og vi har ekstra fokus å formidle alle dei flotte bøkene som finnast på nynorsk - det skriftspråket ungane på Hareid møter når dei byrjar på skulen. Det er viktig at både foreldre, biblioteket og skule - og barnehagetilsette her i kommunen har fokus på å nytte nynorske bøker i arbeidet med born, slik at borna vert tryggare på det språket dei sjølve skal skrive. På biblioteket kan du sjå og låne eit stort utval nynorske barne- og ungdomsbøker! 

Aktuelt

Du kan låne E-bøker frå biblioteket

Du kan laste ned E-bøker på nettbrett eller mobil.
Alt du må gjere er å laste ned appen ebokbib, finne fram lånenummer og PINkoda di. Lånetida er 3 veker og du kan låne 3 bøker i slengen.

Nasjonalbiblioteket har digitalisert fleire tusen aviser

Nokre aviser er kun tilgjengelege digitalt ved at du fysisk sit på ditt bibliotek. Ta kontakt så hjelper vi deg! Søk her: https://www.nb.no/search?mediatype=aviser  Vikebladet, Vestposten og Vikebladet-Vestposten har Hareid folkebibliotek oppbevart slik at du kan lese avisene på biblioteket.

RENOVERING AV HAREID RÅDHUS - PARKERING

No når det er renovering på Hareid Rådhus, er 2-timarsparkeringa for publikum, på baksida av rådhuset, stengt av. Du kan då nytte den delen av parkeringsplassen som ligg nærast parken. Minner også om dei fire 1/2-timars, gratis parkeringsplassane på Bankplassen.

Kodeord Sommarles:

Kapittel 1: NORDLYSET

Kapittel 2: NOAIDE

Kapittel 3: REINSDYR

Kapittel 4: MOBIL

Kapittel 5: KUNNSKAP

Kapittel 6: HELIKOPTER

Kapittel 7: HUNDESPANN

Kapittel 8: KOMSEKULE 

Kapittel 9: RAMN

Kapittel 10: KLIMAFORSKAR

Kapittel 11: NORDKAPP

Kapittel 12: GLOBUS 

Barneboktua på Rotarystien

Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er berre ope i sommarferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går.

Biblioteket har eit godt utval av nynorske barnebøker, og kan vere ein fin måte for dei vaksne å orientere seg om kva som er nytt i den nynorske barnebokverda.

Bøkene er spesielt for born frå tre til ti år og er ei gåve frå Ivar Aasen-tunet og forlaga Skald, Publica Bok, Mangschou og Det Norske Samlaget.

LÅN EBØKER!

Last ned appen eBokBib og lån e-bøker direkte til smarttelefonen eller nettbrettet ditt. No er ny versjon av eBokBib ute og du finn også lydbøker i utvalet.
Ta kontakt med biblioteket dersom du treng pin-koden din.

Hugs alltid å ta med lånekortet ditt!

Biblioteket har sjølvbeteningsautomat slik at du med lånekortet ditt kan låne sjølv.  Du vil også av og til oppleve at biblioteket er sjølvbetent når tilsette er i møter.  

NB! Du kan også ha lånekortet ditt på mobilen:)

ADRESSEENDRING / CHANGE OF ADDRESS

Hugs å oppgi eventuell adresseendring til biblioteket.

Dette kan du også gjere sjølv ved å logge deg inn her på heimesida vår. Der endrar du også e-post, telefonnummer og PIN-kode.

_______________________________________________________________________________

Please inform us if you change your address.

You can change your address, email address, phone number and PIN in your account online on this webpage.

LÅNEKORTET DITT PÅ MOBILEN!

Søk opp heimesida vår http://www.mrbiblioteket.no/hareid på mobilen din. Skroll ned til LOGG INN.

Klikk på Meg & Mitt, der du få logga deg inn til oversikt over dine lån mm.

Nedst når du har logga deg inn klikkar du deg inn på LÅNEKORT der du finn ein strekkode som du kan lagre på mobilen din.

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag      Stengt      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no