Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Klart vi les! NYNORSK BARNEBOKVEKE

Denne veka er det Nynorsk barnebokveke og vi har ekstra fokus å formidle alle dei flotte bøkene som finnast på nynorsk - det skriftspråket ungane på Hareid møter når dei byrjar på skulen. Det er viktig at både foreldre, biblioteket og skule - og barnehagetilsette her i kommunen har fokus på å nytte nynorske bøker i arbeidet med born, slik at borna vert tryggare på det språket dei sjølve skal skrive. På biblioteket kan du sjå og låne eit stort utval nynorske barne- og ungdomsbøker! 

Aktuelt

Fyll opp turen med e-Bøker

Du lastar gratis ned e-bøker med ditt Nasjonale lånekort og appen EbokBib.

Sjå meir her.

Forfattartreff for born

Laurdag 31. oktober, kl. 13, kjem forfattar Solveig Bendixen til biblioteket med Teo-bøkene sine.

Dette er populære nynorskbøker som passar supert for born mellom 6-9 år.

Arrangementet er eit samarbeid med Hareid Mållag og ope for alle interesserte.

FilmBib

No kan du sjå norske kort- og dokumentarfilmar gratis på nett. Du loggar deg inn på Filmbib med Nasjonalt lånekort og PIN-kode.

Har du ikkje Nasjonalt lånekort enno? Ta kontakt så ordnar vi det.

Ynskjer du å sjå i eldre lokalaviser?

Biblioteket har komplette, innbotne utgåver, av Vikebladet heilt i frå 1942 og fram til i dag. Dette inkluderer Vestposten og Vikebladet/Vestposten.

Spør på biblioteket dersom du ynskjer å sjå i desse avisene. Avisene lånast ikkje ut, men du kan sitje på biblioteket så mykje du vil å lese i dei:).

Vikebladet kom ut fyrste gong i 1928. Hareid folkebibliotek har dessverre ikkje dei 14 fyrste årgongane. Ulstein bibliotek har det, og du kan gå til biblioteket der for å sjå i dei.

SOMMARLESFESTEN 2015

Då er Sommarlesfesten over for i år. Laurdag, 15.9, hadde vi ei veldig kjekk stund for store og små, med trylling, latter, premiar, mat og prat.

Var du ikkje med i år? Biblioteket har Sommarles kvart år i løpet av sommarmånadane, så neste år må du også hive deg med!

Vilde Bjerke med rim og reglar for dei minste

Fredag 25.9, kl. 10.00, kjem Vilde Bjerke til biblioteket med eit program for born, fullt av rim og reglar! Vilde Bjerke er dotter av Andrè Bjerke og mange av tekstane ho tek føre seg her er forfatta av faren til henne då ho sjølv var eit barn.

Gratis og ope for alle interesserte.

Biblioteket under Opplev Hareid

Biblioteket skal ha ymse program under Opplev Hareid. Både fredag 3. juli og laurdag 4. juli skjer det ting for store og små både inne på biblioteket og i biblioteklavoen i parken. Det vert filmvisning, grøssarstund, forfattarbesøk og eventyrstund.

Sjå fullstendig program her: http://www.hareidinfo.no/opplev-hareid-02-05-juli

Sommarlesfest

SommarLESfesten vert

laurdag 12. september, kl. 14

Det er sendt ut invitasjon i posten til alle deltakarar.

VELKOMEN

 

Følg oss på Twitter!

Endeleg er også Hareid folkebibliotek å finne på Twitter. Og vi oppfordrar dykk alle til å følgje oss!

GRATIS FOTOKURS MED MAGNAR FJØRTOFT

Torsdag 27. november, kl. 18, kjem Magnar Fjørtoft til biblioteket for å halde foredrag.

Magnar er ein guru innan foto her i fylket, så dette er verdt å få med seg for alle fotointeresserte!

 

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no