Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Hareid folkebibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Når har biblioteket ope?
Her finn du våre opningstider.

Har dykk trådlaust internett?
Ja, du trykker på SSIKT-Gjest på mobil eller PC og deretter bestiller brukernamn og passord. Sjå internett- og pc-reglar her.

Har dykk pc for publikum?
Vi har 2 pc-ar for publikum. Les meir om pc-ane og internett- og lånereglar.

Kva slags avisar har dykk?
Vi får Sunnmørsposten og Klassekampen kvar dag og Vikebladet Vestposten tysdag, torsdag og laurdag.

Kor mange bøker kan eg låne?
Du får låne så mange bøker, filmar og lydbøker som du vil.

Er lånekort gratis?
Ja, lånekort er gratis og alle kan få lånekort frå dei har byrja i fyrste klasse. Om du skulle miste lånekortet ditt tek vi eit gebyr på kr. 10,- for nytt lånekort.

Kostar det å låne noko?
Det er gratis å låne, men om du ikkje leverar materiale etter at du har motteke tre purringar må du betale eit erstatningsgebyr per. bok/dvd/lydbok.

Kor lang er lånetida?
Lånetida for dei ulike medietypane er forskjellige. Sjå lånereglane her for fullstendig oversikt.

Kostar det når biblioteket bestiller inn bøker til meg frå andre bibliotek?
Nei, vi låner inn det du måtte trenge frå andre bibliotek gratis til deg.

Finnes det eit rom på biblioteket der ei studiegruppe kan sitte?
Ja, vi har lesesal der de kan sitte. Om den skulle vere opptatt er der møterom på kommunehuset som de får låne gratis. Ring Servicekontoret på kommuna, tlf. 70095000 for å avtale tid. 

Har dykk fax?
Nei, men om du går opp på servicekontoret i same bygg som biblioteket kan dei hjelpe deg der.

Har dykk kopimaskin for publikum?
Ja, om du treng å kopiere eller scanne noko hjelper vi deg med det. Om du skal skrive ut noko frå publikumspc-ane kontaktar du berre personalet, så hjelper vi deg. Prisar for kopiar/utskrift/scanning finn du her.

Er biblioteket tilgjengeleg for rullestolbrukarar? Ja, vi har elektriske dører og rampe så rullestolbrukarar lett kjem seg inn og ut. Rett utanfor hovudinngangen er der også handicapparkering.

Kan eg ete og drikke i biblioteket?
Ja, men vis hensyn til andre brukarar, unngå søl og rydd opp etter deg. Det er ikkje lov å ete/drikke ved pc-ane.

Har dykk toalett/stellerom?
Ja, vi har publikumstoalett. Vi har dessverre ikkje stellerom i biblioteket.

 

 

 

 

 

 

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no