Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Få lånekort

Lånekort får du på biblioteket. Alle som er busett i Noreg har rett til å få lånekort, og kortet er gratis for nye lånarar. Personar over 15 år må vise gyldig legitimasjon med bilete og personnummer. Barn må ha begynt på skulen for å få eige kort, og alle under 15 år må ha med underskrift frå en av sine føresette.

  • Ta alltid med lånekortet når du kjem for å låne
  • Lånekortet er personleg og må ikkje lånast bort til andre
  • Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som lånast på kortet. Føresette er ansvarlege for det barn låner
  • Vaksne kan ikkje låne til seg sjølv på lånekortet til ungane sine
  • Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglane
  • Føresette har ansvar for å vegleide barna slik at dei lærer å overhalde lånefristane og behandle biblioteket sitt materiale fint.

Mista/tapt kort

Det er gratis å få lånekort første gang, men dersom du mister kortet må du betale eit lite gebyr for å få nytt kort. Gi beskjed til biblioteket om du mistar eller lånekortet blir stole. Biblioteket vil sperre det for å unngå misbruk inntil du får ordna med nytt kort.

Felles (nasjonalt) lånekort 
kan brukast i alle bibliotek i Noreg. Dersom du allereie har dette lånekortet (frå eit anna bibliotek) og ønskjer å bruke det her hos oss, må du vise kortet og legitimasjon i skranken. 

Nasjonalt lånekort

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no