> Sande bibliotek > Bruk biblioteket > Utlånsreglar
Utlånsreglar
- Det er gratis å låne.
- Alle som har fast adresse kan få lånekort. Ta med legitimasjon. Barn må vere over 6 år for å få lånekort. Meld frå om adresseendring eler tap av lånekort. Hugs å ta med lånekortet når du skal låne.
- Lånetida for bøker, tidsskrift, lydbøker og språkkurs er 4 veker. Lånetid for film er 1 veke.
- For å sikre sirkulasjon er det viktig å halde lånefristen, eller fornye lånet. Lån kan fornyast om ingen andre står på venteliste.
- Har du ikkje levert inn lånt materiell etter 3.purring, får du tilsendt erstatningskrav. Dersom materialet vert levert tilbake innan ei veke etter kravet, kan du sjå vekk frå det.
- Ein familie kan låne inntil 6 filmar om gongen. Elles er det ikkje grenser for kor mykje du kan låne.
- Lånar må vere fylt 11 år for å låne film. Lånar kan ikkje vere under den tilrådde aldersgrensa for filmen.
- Filmane er berre til privat bruk.
- Materiell som er utlånt, kan reserverast. Materiell vi ikkje har, kan som regel lånast frå andre bibliotek.
- DVDar og CDar (lydbøker) får lett skade. Lat ikkje mindre barn handtere dei åleine.
- Tapt eller øydelagt materiell må erstattast.