Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Sande bibliotek > Kven er du? > Ny i Noreg

Ny i Noreg

Biblioteket har fleire nyttige tilbod for innvandrarar og framandspråklege.

Det er gratis å bruke biblioteket i Noreg. Her kan du få lånekort og låne bøker, filmar, språkkurs, musikk på cd og dataspel.
Her finn du meir informasjon for nye bibliotekbrukarar.

 

Låne bøker på ditt eget språk

  • Sande bibliotek har bøker på andre språk enn norsk. 
  • Vi kan bestille bøker frå andre norske bibliotek.
  • Det flerspråklige bibliotek i Oslo har størst tilbod, og vanlegvis bestiller vi bøker frå dei. Her kan du sjølv søke i katalogen til Det flerspråklige bibliotek. Be om hjelp dersom du vil ha meir informasjon eller ønskjer å bestille bøker.

 

Låne språkkurs og lærebøker i norsk

  • Biblioteket eit språkkurs for deg som vil lære norsk.
  • Du kan og få tilgang til norskkurset Min vei her på biblioteket

 

Finne lettleste bøker på norsk

  • Biblioteket har lettleste bøker for vaksne. Desse bøkene passar godt for dei som held på å lære seg norsk.
  • Bøkene har et enkelt språk, utan for mange vanskelige ord, og med korte setningar og avsnitt.

 

Lese aviser og tidsskrifter

  • Biblioteket abonnerer lokale aviser. Det er nyttig å lese norske aviser for å bli bedte kjent med det norske samfunnet/lokalsamfunnet.
  • Klar tale er ei lettlest norsk avis som du kan lese på internett.
  • Biblioteket har og blad/magasiner om ulike tema som du kan låne.

 

Møte andre menneske

Biblioteket er ein hyggelig stad å være! Det er gratis å komme på biblioteket, du kan setje deg ned og lese eller kanskje treffe andre som du kan prate med.

 

Låne datamaskin/internett

  • Biblioteket har fleire datamaskiner som du kan låne gratis.
  • Du kan også ta utskrifter på papir.
  • Biblioteket har gratis trådlaust nettverk dersom du har med egen datamaskin eller nettbrett (iPad eller liknande).

 

Tilbod til barn og ungdom

  • På biblioteket si barneavdeling finn du mange slags bøker for barn og unge frå 0 -14 år, biletbøker, eventyrbøker, forteljingar og faktabøker.
  • Vi har mange lydbøker (bøker lese inn på cd som du kan høyre på). Mange likar å bruke lydbok og bok samstundes for å trene på norsk.
  • Vi har og dvd-filmar, musikk på cd og dataspill for barn.
  • Biblioteket har også ei eiga ungdomsavdeling med bøker og lydbøker som passar for ungdom frå 13 år og oppover.
           

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

SOMMAROPE

Mellom 8. juli og 9. august:

Mandag: 10.30-15

Tysdag:  10.30-15

Torsdag: 10.30-15

NB! veke 30: stengt