Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Sande bibliotek > Kven er du? > Ny i Noreg > Kva kan biblioteket gjere for deg?

Kva kan biblioteket gjere for deg?

Viss du er ny i Norge, kan det vere greitt å vite at ditt bibliotek er opptatt av at du trivst her. Biblioteket er tenesta folk i lokalsamfunnet er mest fornøgd med, så du bør stikke innom!

Kva kan biblioteket hjelpe deg med?
  • Vi har eller kan skaffe kurs i norsk på ditt språk, samt ordbøker
  • Vi har eller kan skaffe bøker på ditt språk, eller du kan bestille dei sjølve på Samsøk. Vi kan vise deg korleis
  • Vi har lettleste bøker på norsk, og nokre kan du høyre på samtidig
  • Vi har eller kan skaffe barnebøker i ditt språk, eller du kan skaffe dei sjølv (lenke samsøk)
  • Du kan hjelpe barnet ditt ta vare på morsmålet ved å lese barnebøker
  • Vi er flinke til å finne filmar på ditt språk, eller filmar på norsk som er lett å følgje med
  • Viss du vil fordjupe deg i norsk, har vi tilgang til studiemateriell
  • Vi kan hjelpe deg med materiell til utdanningsprogram
Berre på besøk?
  • Medan du besøker familie eller vennar kan du låne bøker på ditt språk

Telefon / fax: + 47 48 99 21 48
Email: bibliotek@sande-mr.kommune.no

VELKOMEN!

Klikk på flagget for tekst på andre språk

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no