Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Sande bibliotek > Opplevingar > Høyr > Språkkurs > Lær norsk på internett

Lær norsk på internett

Min vei - norskopplæring på internett

Min vei er eit komplett nettbasert kurs for vaksne og unge innvandrar som treng opplæring i norsk og samfunnskunnskap på nivå A1, A2 og B1.

Illustrasjonsfoto norskkurs
  •  Kursa følgjer "Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar".
  • Brukarnamn og passord til kurset lånast ut. Kontakt biblioteket!
  • Du kan arbeide med kurset i biblioteket, heime eller andre stader der det er tilgang til PC og Internett.
  • Kurset er utarbeidaog levert av Fagbokforlaget

 

 Korleis kome i gang:

  1. Du ber om pin-kode i skranken på biblioteket
  2. Start kurset på nettadressa http://minvei.no på Internett
  3. Klikk på Pin-registrering
  4. Skriv fornamn, etternamn, e-postadresse og pin-kode i felta + ønska brukarnamn og passord. Husk berre små bokstavar utan mellomrom i brukarnamn og passord
  5. Du får no ein e-post med brukarnamn og passord. Dette er ditt personlige brukarnamn og passord
  6. Skriv inn ditt brukarnamn og passord i Logg inn-felta på høgre side og klikk på Logg inn
  7. Startsida du kjem til, viser kva kurs du har tilgang til. Så vel du det kurset du vil jobbe med
  8. Deretter vel du tema, tekstar og oppgåver i mappene til venstre.
  9. Dette tilbodet er utan nettlærar. Du kan derfor ikkje sende munnlege og skriftlege oppgåver og få retta og kommentert desse. Utover det kan du arbeide så mykje du vil
  10. Du kan bruke kurset i 60 dagar. Du kan få hjelp og informasjon på biblioteket

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no