Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ulstein bibliotek > Om biblioteket > Biblioteket si historie.

Biblioteket si historie.

I 1834 vart det skipa eit ”Læseselskab” i Ulstein. Soknepresten styrde boksamlinga og det var  truleg også han som fekk den i stand.

Utlånet gjekk føre seg i kyrkja etter gudstenesta. Retten til å låne bøker var svært avgrensa, berre bønder på matrikulert jord kunne låne.

Etter kvart vart låneretten utvida til andre menn; ”Pladsmænd, Kaarmænd og Drænge”. Boksamlinga vart etter kvart finansiert delvis av det

offentlege, delvis av brukarane.

I 1946 gav Magnus Bjørndal byggetomt og oppretta eit fond til bibliotekbygg i Ulstein kommune. Bygget stod ferdig midt på femtitalet, men

vart nytta til skuleformål i mange år. I mellomtida heldt biblioteket til i fleire lokale i sentrum, på kommunehuset Sjøborg, klasserom på Bjørndals

 minne, kjellar i bustadhus, eit rom i det nye rådhuset og kjellaren på samfunnshuset. I 1979 kunne så biblioteket flytte inn i eige hus i Bjørndals

minne.

I 1952 var det skulestyrar Reinhard Høydal som også var styrar av folkeboksamlinga. Dette året lånte biblioteket ut 1900 bøker, opningstida var

 3 timar i veka og boksamlinga var på 2021 bøker. Budsjettet var på 3,500 kroner. Bibliotekstyret bestod av to unge menn i tjueåra.

Frå 1961 til 2001 var Paula Urke biblioteksjef i Ulstein kommune. I løpet av desse åra var det ein stor auke i samlinga som no inneheld bøker av

alle slag, lydbøker, filmar, språkkurs, aviser og tidsskrift.

Utlånstida vart auka til 6 dagar i veka og biblioteket disponerte etter-kvart heile huset.

I 2012 har Ulstein bibliotek ei mediesamling på over 37.000. Utlånet var på 31.000 og rekneskapen var på 1,461.166 kroner. Utlånstida er no

26 timar i veka.

Bjørg Høie.

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

SOMMAROPE

Mellom 8. juli og 9. august:

Mandag: 10.30-15

Tysdag:  10.30-15

Torsdag: 10.30-15

NB! veke 30: stengt