Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ulstein bibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Når er biblioteket ope?  Sjå:Opningstider

Kostar det noko å få lånekort?
Nei, det er gratis å få lånekort første gong. Sjå: Utlånsreglar

Kva gjer eg om eg har mist lånekortet?
Ta kontakt med oss, vi lager eit nytt.  

Kostar det noko å låne?
Det er gratis å låne.  For meir informasjon :Utlånsreglar

Kan eg låne så mykje eg vil?
Det er ingen begrensningar på kor mykje du kan låne i gongen. 

Kor lang er lånetida?
Lånetida for dei ulike medietypene er forskjellig.Sjå Utlånsreglar

Kan eg levere bøker når biblioteket er stengt?
Nei.

Har dokke lesesal og grupperom?
Nei, vi har ingen lesesal og ikkje grupperom. 

Eg er fjernstudent og lurer på om biblioteket kan hjelpe meg med å skaffe litteratur eg treng til  studiene?

Ja, vi bestiller pensum- og støttelitteratur for studentar, så lenge dette er tilgjengelig i andre bibliotek i Norge. Les meir om fjernlån her. Ver merksam på at lånetidene kan vere korte. Vi oppmodar studentar til å ta kontakt med biblioteket på sin studiestad for informasjon om tenester dei kan tilby sine studentar. Biblioteka på universitet og høgskolar har til dømes tilgang til databaser som folkebiblioteka ikkje har.

Har dokke kopimaskin for publikum?
Ja.

Attesterer dokke kopiar?
Nei. 

Kan eg låne PC med internett hos dokke?
Ja. Om det er kø må ein setje seg på venteliste. 

Har dokke trådlaust nett?
Ja. Innlogging via SSIKT gjest eller SSIKT- einingar. 

Er det lov å spise og drikke i biblioteket?

Ja. Hugs å forlate biblioteket slik du ønskjer å finne det.  

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

Påska 2019

Før Påska er siste opningsdag på biblioteket tysdag 16. april kl. 10.30-18. 

Vi held stengt frå onsdag 17. april og opnar att med vanlege opningstider tysdag 23. april 2019.