Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Elin Lindell:

M for mistet

M for mistet

Boka handlar om 9-åringen Hjørdis som har det bra. Ho går på skolen, har ei bestevenninne Judith og har, som ho sjølv synest, ganske grei familie. Det einaste ho synest er kjempedumt, er alt som begynner på H: hestar, hovudverk, handsveitte, hull i tennene og ein irriterande klassekamerat Harry Hansson. Grunna denne H-en kallar Hjørdis seg sjølv for Jørdis. Ho synest at dette høyrest mykje betre ut.

Hjørdis er best i klassa i fotball. Men plutseleg forandrar alt seg. Det begynner ei ny jente i klassa (som heiter Hermione!), og ho viser seg å vere betre i fotball enn Hjørdis. I tillegg har ho pupper, stilige briller og ikkje minst viktig, ho blir god venninne med Judith.  Etter ei kort stund snur alt seg. Hjørdis vil bli som den nye jenta Hermione. Derfor seier ho til foreldra sine at ho ser veldig dårleg (sjølv om ho ikkje gjer det) for å få briller. Når ho har fått det, blir kvardagen vanskeleg og uklar gjennom glaset til desse stilige brillene. Plutseleg er det blitt slik at Hjørdis begynner å lyge om enno fleire ting, og det er enno fleire utfordrande situasjonar som Hjørdis må prøve ordne opp i.

Boka er morosam  og underhaldande. Gjennom humoristisk forteljing har forfattaren tatt opp alvorlege emner som vennskap, å stole på kvarandre, mobbing og relasjonar mellom foreldra og born.

Passar godt for 4.-6.klasse. 

Del på facebook
Linda Palm:

Ti små vennebøker

Ti små vennebøker

Denne serien på 10 bøker handlar om vennskap. Kvar bok har eit emne:  Seie unnskyld, Dele, Vente på tur, Seie stopp, Roe seg ned, Bli einige, Snakke om det, Samarbeide, Spreie glede og Vise kjensler.

Hovudpersonar som er dei same i alle bøkene, er Kanin og Piggsvin. Dei går i barnehagen og er gode venar, men av og til oppstår det «problemsituasjonar» som ein må løyse. Då er det ofte dei vaksne som finn sine metoder for å forklare korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre. I desse bøkene er det Grevling og Ekorn som gir ein lærdom via dialog eller aktivitet. Små vers som Grevling og Ekorn lærer til dyra i barnehagen, er veldig fine og kan brukast i kvardagen. Til dømes, vers om å dele:

«Den som deler,

Den som deler

Gjer ein annan glad.

Eg vil dele med deg.

Vil du dele med meg?

Den som deler,

den som deler,

gjer ein annan glad.»

I To små vennebøker kan lesaren kjenne igjen kvardagssituasjonar både i barnehage, heime og andre plassar. Bøkene kan leses i lag med dei minste. Dei kan brukast som emne når du vil snakke om kjensler og dette med å vere hyggeleg mot kvarandre. Stor skrift, korte setningar og fargerike bilde gjer at også småskoletrinneborn kan lese desse bøkene. Og ikkje minst viktig at alle bøkene er på nynorsk.

Del på facebook
Maria Frensborg:

Ellen, Humla og marsboerne

Ellen, Humla og marsboerne

Ellen og Humla er bestevenner. Dei har etablert ein spionklubb Fjærføttene. Meininga med den er at dei skal spionere på forkledde marsboarane som vil ta over jorda.

Det tar ikkje lang tid før begge finn noko dei skal spionere på. Humla får nye naboar som flytter inn. Og dei nye naboane er heilt sikkert marsboarar! Planen er fort klar – å skremme marsboarnaboane heim.

I starten går det veldig bra, dei spionerer og kjem stadig på nye oppgåver som skal gjerast mot dei nye naboane. Begge jentene har frodig fantasi, og til slutt går det «litt» over grensa når dei skraper «Dra tilbake» på bilen til naboane. Då er det alvor, og begge må ta ansvar for det som vart gjort.

Boka er humoristisk og minner om fantasifulle leiker i barndommen der nesten alt var mogleg. Eg synest avslutninga var fin og lærerik. Barn som les boka vil få ein påminning at ein ikkje skal dømme andre for tidleg, og at ein må ta ansvar for det ein har gjort.

Del på facebook
Arne Svingen:

Hubert og flekken

Hubert og flekken

På vegen til skulen treffer Hubert ein liten hund, ein kvalp. Kvalpen er så nydeleg og kjekk at Hubert har lyst til å løfte han. Og Hubert gjer det. Og kvalpen tisser på han. Og då begynner alt …

Korleis kan no Hubert vise seg på skulen med ein flekk på buksa akkurat der, på den verst tenkelege staden? Det ser ut som han sjølv har tissa i buksa. Ingen vil tro at ein valp har gjort dette. Hubert må vere kreativ med ideane sine for å skjule flekken på buksa. Ved møte med skulekamerater later Hubert som han må knyte skolissene, t.d. Eller han krøker seg saman på golvet i klasserommet og later som om han vil sjekke kor godt golvet er vaska. Og så vidare, og vidare og vidare… I løpet av dagen treffer han stadig nye utfordringar med å skjule flekken på buksa.

Boka er verkeleg morosam. Ein les historien om Hubert og tenker med spenning på kva som blir det neste han kjem på? Ho passar for barn i 1.-5. klasse.

Del på facebook
Lotta Geffenblad:

Prikk og Flekk

Prikk og Flekk

I Prikk og Flekk-bøkene treffer du to koselege og kjekke karar. Den eine har prikkar på, den andre har flekkar.  Dei er opptatt med forskjellige ting i dei forskjellige bøkene.  I ei bok bakar dei, i ei anna pussar dei opp hus. Ein annan gong opplever dei eventyr i eit snøvêr. Du kan også lese om når dei er på piknik, og treffer mange forskjellige kryp.

Prikk og Flekk-bøkene har sin eigen sjarm på grunn av artig ordspel. Alle fortellingane er knytta til prikkar og flekker, til dømes har dei flekkete sofa, prikkete tapet, dei bakar kokosbollar med prikkar på eller går på priknik (der begge går på piknik). På slutten av kvar bok står det artige ting som vaksne kan gjere saman med barn. Til dømes, i boka som handlar om snø, står det ei oppskrift om korleis ein kan lage snøflak eller ein kan lese om marihøner og sommarfugler i slutten av Priknik boka.

Boka har vakre illustrasjonar, enkelt språk, og ikkje mindre viktig – den er på nynorsk. Desse bøkene passar for barn frå ca 3 til 8 år.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av