Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Bente Bratlund:

Kidnappa

Kidnappa

- Eg blei kidnappa, kviskrar ho.

- Kidnappa? spør eg.

Oda nikkar. 

- Da eg var lita. Eg hugsar det ikkje.

Men eg veit det no.

 

I boka møter vi Bea og  hennar beste venninne Oda. Oda fortel at ho blei kidnappa som lita, ein løyndom Bea aldri må fortelja til nokon. Bea får det ikkje lett etter dette. Stemmer det verkeleg at foreldra til Oda ikkje er dei rette foreldra hennar?  Ho ynskjer ho kunne dele løyndomen med mor si, men ein må halde det ein har lovt.

Venskapet blir sett på prøve då Bea byrjar å tvile på løyndomen til Oda. Tenk om Oda berre har lurt ho?

 

Forfattaren skriv fyrst om den gleda Bea kjenner ved at hennar venninne Oda deler ein so stor løyndom med ho. Problema dukkar opp når ho byrjar å tvile på sanninga i det Oda fortel. Vi les om vonde kjensler som sinne, sorg og frykt for å misse si aller beste venninne. Tilgir ikkje venner kvarandre når noko blir dumt?

Boka er ein del av Samlagets Leseland og egnar godt for barn som les og begynner å bli uthaldande i lesinga. 

Del på facebook
Ingunn Røyset:

Fiskelykke

Fiskelykke av Ingunn Røyset

I år kom også Ingunn Røyset frå Hareid med ei bok i Leselandserien. Leseland er bøker på nynorsk for born som lærer seg å lese. Denne boka er på nivå fire, som egnar seg for born som les litt lengre tekstar sjølv.

I Fiskelykke skal venene Anna og Jonas aleine ut på moloen for å fiske. Mykje spanande kan hende når ein er på fisketur og tenk på alle dei sortane fisk ein kan få!  Anna trur til og med ho har ein amberjack på kroken. Ein fiskesort dei kjenner til av tida dei søkjer på "giant fish" på You Tube. Anna er den fiskevande og er ikkje redd for å klatre høgt opp på moloen. Jonas går mest og tenkjer på katten sin Kvitpusen, som mora tok med til dyrelegen tidlegare på dagen.

Det er så kjekt at det kjem bornebøker som handlar om fisking. Det er noko dei fleste born kan ha som fritidsaktivitet her i fylket og det er mykje nostalgi for alle aldrar i fiskehistorier.  I boka lærar lesaren om mange fiskesortar og ein får lyst til å komme seg ut å fiske. Det er ei fin og munter historie, men har også har alvoret i seg, då Jonas går og er redd for katten sin som kanskje må avlivast.   

    

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av