Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Atle Hansen:

Svartedalen

Svartedalen

Hovudpersonen er ein gut i ungdomsskulealder .Når alle andre vennane reiser på båttur, hyttetur eller til syden på ferie , reiser han til huset som faren har arva på bygda der han kjem ifrå.

Det er eit stort gammalt hus som vert kalla Kapteinhuset, han som bygde det var kaptein på seglskuter. Det gamle huset er litt nifst, det knirkar i veggane og ular rundt hushjørna. Det tassar og kviskrar på loftet. Det er som heile huset lever.

Hovudpersonen møter på ei jente som sit på brygga. Håret hennar er svart som bek, kleda likeeins. Ansiktet hennar er bleikt og ho har store ringar i øyrene, svart leppestift og nokre knallgrøne auge.

Ein dag gjekk hovudpersonen ut i skogen og havnar i Svartedalen. Dit burde han ikkje gå. Historia fortel at Kapteinen vart teken av dage i Svartedalen. Merkelege ting skjer ,han høyer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen.

Dette skal verte den beste og verste sommaren han nokon gong har hatt.

Lettlesen grøssar på nynorsk for ungdom.

Spennande frå første stund.

Del på facebook
Andy Mulligan:

Trash

Trash

 

14 år gamle Raphael Fernández bur på ei søppelfylling. Han og kameratane Gardo og Rat brukar tida si på å leite på fyllinga etter ting som dei kan selje slik dei kan tene seg pengar til mat.

Dei sorterer plastikk,men finn stort sett berre «stupp». Stupp er rett og slett bæsj som dei som bur på fyllinga pakkar i papir og kastar.

Ein dag finn Rafael ei lommebok med pengar, eit kart og eit bilde av ein mann og ei lita jente. Då starta alle problema, politiet kjem og utlovar dusør til dei som finn lommeboka.

Gutane vel å behalde lommeboka, og vil prøve å finne ut kva som skjedde med eigaren.

Snart må Raphael og vennane Gardo og Rat springe for livet. Dei brukar all sin fantasi på å halde seg unna forfølgarane sine og på å prøve å løyse mysteriet. Trash er ei sterk historie om fattigdom, vennskap, håp og eit mot til å endre eige liv.

Boka er utruleg spennande. Dei tre gutane vekslar mellom å fortelje si del av historia. Det gjer at historia verkar truverdig. Kan dette ha skjedd? Vi får også ei innblikk i korleis det er å vere ein fattig søppelgut som bur på ei søppelfylling.

Boka passar godt for 8 klasse og opp til vidaregåande skule.

Del på facebook
Aasne Linnestå:

Mamma er et annet sted

Mamma er et annet sted

"Jeg vil vekk. Bort. Jeg har over fire tusen kroner på kontoen. Jeg har en mamma som ikke er her. Jeg har en pappa som har for mye å tenke på. Jeg har en lillebror som snakker for mye bæsj. Jeg har en søster som bare vil dø, det er i alle fall det hun sier. Og jeg har for mange tanker i hodet og det er ikke plass til dem lenger og da må jeg gjøre noe. Gjøre det jeg vil. Det er det jeg må.»

Boka handlar om Tale som fortel korleis ho har det inni seg etter at mora Sylvia vart funnen død. Tale bur ilag med Pappa og søskena Ane og Jo. Jo er berre fire år.

Mora til Tale har ikkje vore som vanlege mødrer. Tales mor tok sjølvmord.

No prøva Tale å forstå korleis dette kan ha skjedd og må prøve å leve vidare. Ho har heldigvis Lotte som er ei god venninne.

Midt opp i alt får Tale gode kjensler for Espen, ein gut i parallellklassa. Kan ein gå på kino når ein har ei mor som nettopp er død?

"Mamma er et annet sted" tek for seg eit alvorleg tema om sorg og forsoning. Boka er Aasne Linnestås første ungdomsroman. Ho skildra godt kaoset som Tale kjenner på etter mora sin død.

Boka er ei forteljing for ungdomstrinnet. Passar nok best for 10 klasse og oppover. Vaksne kan også godt lese boka.

Del på facebook
Jan Tore Noreng:

Skyggefødt

Skyggefødt

Ungdommane Jon, Kalle, Pia og Andreas, i alderen 14-17 år, stikk av frå "Vassmo motherfuckings behandlingshjem" som Kalle seier.

Hovudpersonen Jon, pene Pia, utilreknelege Kalle og snilde Andreas, har alle si historie. Kalle har stole ein bil og han køyrer. Dei har ingen plan. Dei vil berre vekk frå eit samfunn som dei har lært å hate og som tilsynelatande ikkje har plass til slike "trøbblete jævlar" som dei. Når dei andre byrjar å mase om kvar dei skal, svingar Kalle inn på ein humpete veg som tek dei til ein gamal nedlagt gard langt frå folk.

Dette må vel vere den perfekte plassen for å slappe av og feste?

Spenninga mellom ungdommane vert større etter kvart som dei forstår at dei ikkje er åleine på garden. Andreas er den som merkar det først, dei andre tek han ikkje på alvor før det er forseint....

Det bur verkeleg nokre farlege skapningar under jorda på den gamle garden. Slike ein skal repektere.

No har ungdommane forstyrra dei og dei er slettes ikkje glade. Dessutan møter Jon ei mystisk, nydeleg jente i skogen.

Det er mykje action og dramatikk i boka, ganske brutal til tider, med ei røff handling og eit tøft språk. Det er ikkje sikkert at alle kjem seg trygt heim!

Boka passar best for alderen 13 år og oppover til utolmodige lesarar på vidaregåande.

Den vil verte likt av gutar og jenter som likar grøss og action. Les den sjølv, men ikkje åleine på hytta for denne boka er skummel.

Jan Tore si heimeside finn du her http://noreng.wordpress.com/

Del på facebook
Ida-Marie Rendtorff:

Den døde soldaten

Den døde soldaten

Det meste av jorda står under vatn, berre nokre fjell stikk opp av vatnet. Desse områda er godt vakta av Fjellfolket som ikkje nøler med å skyte dersom det kjem inntrengera. Fjellfolket har det dei treng, mat, medisin og hus å bu i.

Sjøfolket har ingenting, berre flyteøyer som er bygd av skrot, falleferdige hytter som stadig vert skylt vekk av havet. Dei er fattige fiskarar som er lette bytte for piratar.

Lara er av sjøfolket, for å få pengar til medisin til den sjuke systra si må ho arbeide som dykkerborn. I lag med andre born må ho dykke i den oversvømde byen etter verdisaker. Den brutale sjefen « Breiflabben» tek med seg det dei finn og sel til Fjellfolka. »Breiflabben» er streng og driv ungane med hardt arbeid. Borna må dykke kvar dag, anten dei er friske eller ikkje.

Ein dag svøm Lara på liket av ein soldat. Ho finn ei dagbok i veska hans som ho tek vare på og les ilag med vennen Jarii. Boka har hemmeligheiter som kan forandre sjøfolkets skjebne. Kan boka fortelje noko om faren og kvar han har forsvunne?

Den døde soldaten er første bok i triologien, Kloden under vann.

Passar for alderen 12-15 år.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av