Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Lars Mæhle:

Jag är Supermann

Illustrasjon Jag är Supermann

Eit varmt julidøgn på Sunndalsøra er bakgrunnsramma for denne novellesamlinga av Lars Mæhle. Dei fem korte fortellingane med kvar sin hovudkarakter flyt inn i kvarandre og utfyller kvarandre.

Karakterane og hendingane i novellene er alle viktige brikker i ei samla forteljing som verkeleg får lesarane til å leve seg inn i beskrivelsene av det som kunne ha skjedd i denne Nordmørskommunen. Bengele, ein fyr som jobbar på Verket og som elles køyrer rundt i sin brune Audi, blir ein del av alle dei fem ungdommane sine forteljingar. Han har høyrt rykte om at det er ein rømling som held seg i skjul i nærleiken av Sunndalsøra, men stemmer det?

Novellane har god driv, og beskriv situasjonar og karakterar som vi alle vil kunne kjenne igjen frå vår eige samtid. Ei god og innhaldsrik bok som er både kort og ganske lettlesen. Anbefalast.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av