Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem
Terje Torkildsen:

Arrfjes

Terje Torkildsen: Arrfjes

"Arrfjes" blir han kalla - avdi han har hatt koppar og har andletet fullt av skjemmande arr. Året er 1812, han er foreldrelaus og har ein yngre bror som han prøver å hjelpe, og han har ikkje fylt 14 år når boka startar.

Dette er ein historisk ungdomsroman frå Napoleonskrigane der  Danmark-Noreg er i krig med England, og vår helt er den 13 år gamle Ejner Tevig frå Mandal. Han er foreldrelaus og fyrstereisgut på ei seglskute som skal til Bergen. Han har to fortrinn som skal vise seg viktige: han har overlevd koppesjukdomen, så han er immun mot smitte, - og han kan lese.

Styrmannen oppdagar ei herrelaus skute med gult fareflagg som viser seg å vere ein engelsk båt som er forlaten av alle bortsett frå kapteinen som er død av koppar. Kapteinen til Ejner bestemmer at dei skal overtake skuta som krigsbytte, og Ejner som immun, blir sentral i dette arbeidet. Mannskapet blir delt på dei 2 båtane, og den brutale skotske båtsmann Smith blir sentral i dramaet som utviklar seg. Smith vil til England, medan resten av mannskapet vil til Kristiansand. Seglskuta forliser både pga av storm og maktkampen om bord. Ejner blir den einaste som overlever av dei norske sjøfolka. Det vert ein spennande historie der både vilje, sluhet og ein god porsjon flaks hjelper Ejner gjennom både forlis, katt-og-mus-leik og engelsk krigsfangenskap.

Boka er både spennande, realistisk og eventyrleg, og er delvis skriven som ein skipslogg der nokre få kapittel er skrivne i gamaldags språkdrakt.

Torkildsen har tidlegare vunne 2 ungdomsbokprisar for katastrofe-serien "Dystopia".  Denne er meir optimistisk i tonen - det gjeng bra til slutt.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av