Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Den einaste som veit

Bente Bratlund:

Den einaste som veit

Den einaste som veit

Kva hadde du gjort dersom bestevennina di fortalde om ei svært traumatisk oppleving og du får beskjed om å teie og ikkje hjelpe?

Beate Belinda eller Bebe som ho vert kalla,skal på ball saman med bestevennina Sara. Når Bebe skal hente Sara,finn ho henne apatisk, gråtande og slett ikkje klar for ballet. Bebe hjelpe med sminke og kjolen og dreg henne med, men under ballet stikk Sara. Sjølv om Bebe dansar med Tommy, som ho mest av alt vil vere saman med akkuarat no, spring ho etter...

Då får ho pressa ut av Sara kva som har skjedd og angrar med det same. Dette hadde ho slett ikkje lyst å høyre og kva skal ho gjere?

Dette er den tredje boka i serien om Bebe. Denne serien er verkeleg god. Med korte setningar og enkelt språk,får Bente Bratlund fram sterke følelsar og ei forteljing du vert dregen inn i.

Boka er lettlest og passar for ungdom, kanskje mest jenter frå 8. klasse som vil ha ei tynn bok på nynorsk og som likar å lese bøker som handlar om livet.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av