Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Ett sekund om gangen

Sofia Nordin:

Ett sekund om gangen

Ett sekund om gangen

 

Foreldra og veslebroren til Hedvig 13 år, dør av ein mystisk febersjukdom og Hedvig spring frå heimen i full fart. Ute er det heilt stilt, ingen bilar, ingen menneske, mest ingen lyd. Kva er det som skjer. Er alle dø? Er Hedvig den einaste overlevande?

Ei skummel bok om å vere åleine, om einsemd og lengsel og livet etter katastrofen. Du kan kjenne gåsehuda på kroppen og den ekle følelsen dei fleste har ein eller annan gong, redsla for å miste alle du er glad i og det å vere åleine….

Denne boka er nominert til Nordisk Råds pris for barne- og ungdomslitteratur, og med rette. Den er gripande godt skreve og er så spennande og skremande, at ein berre må lese vidare, sjølv kor ekkelt det er. Heldigvis er det ein triologi, så ein seinare får høve til å følgje Hedvig og finne ut korleis ho overlever og korleis livet kan vere etter ei katastrofe.

Anbefalt til dei som går i storskulen, eller ungdomsskulen, som tåler å bli skremde og som liker spennande bøker.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av