Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem
Rainbow Rowell:

Fangirl

Fangirl

Fanfiction og forviklingar! Cath og Wren er einegga tvillingar som alltid har hengt saman som erteris, og saman har dei delt ei stor interesse for bøkene om Simon Snow og trollmannsskulen, ein fiktiv serie lik Harry Potter. Særleg Cath har vore aktiv med skrivinga, under namnet Magicath. No er tida komen for å studere på universitetet. Wren er overmoden og superklar for å flytte heimafrå, mens Cath kvir seg til absolutt alt. Mens Wren fordjupar seg i studentlivets gleder, sitt Cath utilpass heime på hybelen og klamrar seg fast i den fiktive verda ho er så glad i. Fangirl er ei engasjerande historie med karakterar som er lett å kjenne igjen. Det handlar om om å ta det første steget ut i vaksenlivet, om fiksjon og verkelegheit, og om å gje slepp samtidig som ein gjer plass til noko nytt.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av