Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Fugl Føniks

Suzanne Collins:

Fugl Føniks

Fugl Føniks

Katniss Everdeen og Peeta Mellark har overlevd dødslekene for andre gong. Då Katniss blei berga ut frå arenaen av opprørarane, rakk ikkje dei å ta med seg Peeta, og no har ingen verken sett eller høyrt frå Peeta sidan dei var på arenaen. Det er krig i landet Panem, opprørarane mot hovudstaden Capitol.  Katniss veit at presidenten har kidnappa Peeta berre for å såre ho, og etter ei TV-sending frå Capitol der dei endelig får sjå Peeta, blir Katniss rasande og tar på seg ansvaret om å vere frontfigur for opprørarane. Krigen bryt ut i full styrke, og no verkar det som om Katniss og Peeta står på kvar si side. Korleis skal historia om paret som overlevde dødslekene to gongar ende?

Fugl Føniks er tredje og siste bok i serien om Katniss Everdeen og dødslekene. Det er ei gripande kjærleikshistorie som handlar om overlevelse i ei verd der alt går imot deg. Den er spennande frå første til siste side, slik som dei to første bøkene, og er absolutt ei ”må lesast-bok” for alle og einkvar. Fugl Føniks er ei perfekt avslutning på ein ungdomstriologi heilt utan om det vanlege.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av