Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Gutta i trehuset med 65 etasjer

Gutta i trehuset med 65 etasjer

... som viser seg å ikke være godkjent av bygningsetaten (og som derfor må rives)!

Andy og Terry bor i eit trehus som er særs uvanleg: Det er no påbygd til 65 etasjar og inneheld mellom anna bowlingbane, svømmebasseng, marshmallowsmaskin, baby-dinosaurpark og ein sjokoladefoss. Livet kunne ha vore heilt perfekt for gutane, men dessverre må dei også trene ninja-sneglar, sjonglere med motorsager og lage pizza med spiker – og flaggermussmak. Dei har det travelt, og så syner det seg at dei aldri har søkt om løyve til å bygge trehuset! Det kjem ein bygnings-inspektør som krev at heile treet må rivast. No er tida knapp, gutane får ein genial idé, men rekk dei å gjere noko med det?

Dette er den femte boka i serien om Andy og Terry, gutane som stadig vekk finn på meir og meir galskap i huset dei har bygd. Bøkene er lettleste og fulle av ville påfunn og absurde handlingar, alt følgt av gode og morosame teikningar. Nokre av sidene er forma som reine teikneseriar, framifrå teikna av Terry Denton.  Forfattaren Andy Griffith, er ein av Australias mest populære barnebokforfattarar. Her i Norge har bøkene tatt lesarane med storm, og ligg på bestseljarlista kvar månad. Dersom du les bøker som En Pingles dagbok og Dustedagbøkene, vil du garantert like denne serien!

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av