Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Skammar-serien

Lene Kaaberbøl:

Skammar-serien

Skammarens dotter

Tenk deg at du har eit blikk som gjer at folk ikkje føler seg vel saman med deg. Eit blikk som får folk til å unngå deg. Fordi blikket ditt får folk til å innrømme alt det galne dei har gjort. Heilt utan vidare, berre ved og sjå deg inn i augo.

Ein Skammar kan sjå inn i sjela til folk. Ved å sjå dei inn i augo ser Skammaren alt det galne dei har gjort. Alt dei skammar seg over. Dei blir dermed meir bevisste og skammar seg endå meir. Ein Skammar vert brukt når nokon er mistenkt for eit brotsverk, for å finne ut om dei verkeleg har gjort det dei er skulda for.

Mor til Dina er Skammar og Dina har arva evna, men ho skulle så gjerne vore utan. Ho ynskjer av heile sitt hjarte at ho kunne vore like normal som bror sin, Davin. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning. Og dette er starten på ei spanande reise inn i fantasyverda. Vi følgjer Dina og familien hennar, på godt og vondt, gjennom 4 bøker. Vi blir med inn i ei spanande fantasyverd som gjer det nesten umogleg og leggje frå seg bøkene.

Bøkene er oversett til eit godt nynorsk, noko som gjer at sjølv ein ihuga bokmålslesar blir fanga av historia og vil lese meir. Passar godt for dei frå ca. 12 år og oppover.

Dei 4 bøkene i serien heiter:                       

  1. Skammarens dotter
  2. Skammarteiknet
  3. Slangens gåve
  4. Skammarkrigen
Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av