Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Villheks - Eldprøva

Lene Kaaberbøl:

Villheks - Eldprøva

Villheks - Eldprøva

Sjå for deg ein heilt vanleg dag i ditt heilt vanlege liv. Tenk deg sjokket når du plutseleg vert klort i ansiktet av ein diger katt, og verda aldri meir vert den same. For du får vite at du eigentleg er ei villheks, og må flytte til rare tante Isa, som du aldri har møtt. 

Dette hende Clara. Ei heilt vanleg jente, som brått vert kasta inn i ei verd av magi og spenning - ho som ikkje kan noko om magi frå før! Ho kjenner seg ganske udugeleg som villheks, og har aldri forestilt seg at det var dette ho skulle bli. Korleis skal det då gå med den store eldprøva ho må gjennom for å verte ei ekte villheks?

Eldprøva er første bok i Villheks-serien. Noko av det som gjer bøkene ekstra spennande, er at dei er så truverdige at du faktisk trur Clara vart overfallen av ein kjempekatt i trappa i huset ho bur i. At katten slikka i seg blodet frå ansiktet hennar, og at ho vart liggande febersjuk og elendig etterpå. Den magiske verda og vår "vanlege" verd flettast inn i kvarandre, og vi heiar verkeleg på Clara!

Danske Lene Kaaberbøl er kanskje mest kjend for serien Skammarens dotter, men Villheks-serien er også blitt populær blant både gutar og jenter. Bøkene er skrivne på herleg nynorsk, og skremmer det deg, kan eg sitere ein lånar (gut, ca 12): "Dei er så spennande at eg ikkje merkar at eg les nynorsk, ein gong!" Det er relativt korte bøker, så om du ikkje er av dei som kastar deg over "mursteinsbøker", vil desse vere svært fine. Kos deg!

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av