Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Marit Reiersgård:

Paradisbakken

Paradisbakken

Paradisbakken er ein spanande norsk kriminalroman, skriven av ein forfattar som absolutt har eksportpotensiale. Den har mykje action utan at den er «over the top» eller kunstig, slik nokre bøker har rykte på seg for å vere, og språket er både godt og nyansert.

I denne krimen møter vi fire venninner i Drammensområdet. Dei held saman i gjengen sin syklubb, «De sorte sommerfugler», trass i at dei som personar er nokså ulike. I 1989 vart den felles venninna deira, Camilla Carlsen, drepen i Paradisbakken. Ho var naken og såg ved fyrste augekast ut som ei utstillingsdukke.

Drammenspolitiet med etterforskarane Bitte Røed og Verner Jacobsen i spissen, tek opp att jakta på den ukjende mordaren. Nærmare 25 år er gått. Så blir ei venninne til funnen drepen på same måte som Camilla; ho ligg i eit utstillingsvindauge. Kva er beskjeden bak det heile?

Alle er ein del av puslespelet. Men med forviklingar og røyndomar til tusen kan «alle» vere gjerningspersonen. Er det éin eller fleire på frifot? Finn vi ut kva som ligg rett framom auga våre før det er for seint?

Vi stiller oss sjølve mange spørsmål undervegs i boka, og litt etter litt nøstast trådane opp…

Del på facebook
Per Petterson:

Jeg nekter

Jeg nekter

Alt var så annleis før.

Jim og Tommy var bestekameratar, og vaks opp i same grend på Mørk på 60-talet: Jim med ei djupt kristen åleinemor, og Tommy og småsøskena med den valdelege faren sin, etter at mora deira reiste ei natt. Dei to kameratane klarte seg i grunn godt då dei hadde kvarandre, men så kompliserte ei enkel hending tilveret for den eine. Kva gjorde at dei fekk så ulike liv – og at Tommy, som hadde den hardaste oppveksten, likevel er den som tilsynelatande har klart seg best?

Trettifem år etter at dei to sist møtte kvarandre, treffast dei tilfeldigvis på ei bru, der Jim (som er utanfor arbeidslivet) står og fiskar idet Tommy kjem køyrande i sin blanke Mercedes. Kva seier ein då?

Den dyktige forfattaren Per Petterson viser historia frå fleire ulike vinklar og perspektiv, og vi får høyre korleis det gjekk med alle karakterane i boka, kva vendingar liva deira tok, og kva dei lærte på vegen. Dette er ein sterk roman om venskap og einsemd, sjukdom og sorg, misforståingar og forsoning; alt som livet gjev og tek.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av