Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Helene Uri:

Hålke

Hålke

Handlinga i denne romanen er lagt til ei leiligheit i Oslo, der «dramaet» foregår over nokre korte vinterdagar. Ekteparet Ebba og Karl, med over 40 års samliv i bagasjen, er innestengt  på grunn av islagde fortau og vegar. Den eneste sonen bur i Australia, og dattera er på ferie i Portugal.

Ebba og Karl kjenner kvarandre sin styrke og svakheit heilt inn til margen. Dette kunne lett vorte kjedeleg, men Helene Uri klarar å gjere denne historia til spanande, litt trist, men også svært morosam underhaldning.

Kvinna Ebba fører ordet, den ein gong svært vellukka karrierekvinna, høgskulelektoren med ambisjonar, som no er pensjonert og prisgitt dagleg omgang med sin Karl. Han som ein gong var den populære og ettertrakta som alle venta seg noko stort av, men som har vore fornøgd med å undervise ungdomsskuleelevar gjennom eit langt liv. No er desse to innestengt, overlatne til seg sjølve, to gamle mennesker som ikkje tør å våge seg ut på glattisen, som satsar på at matforrådet i skapa held til veret endrar seg eller kommunen strør på dei islagde vegane.

Helene Uri skriv direkte og presist, og hentar fram fine små nyansar som viser to mennesker, som fortsatt etter eit langt samliv kan «tende» kvarande, irritere kvarandre grenselaust, smålyge for kvarande, vise ømheit, raseri og følelsar som grensar til hat. I Ebba sin versjon er Karl ein mann å frykte. Han har eit voldsomt temperament, men kan også tilgi, og er ein mann med sans for store blomsterbukettar. Venninnene har gjennom åra oppmoda henne til å forlate Karl, han har ein gong slått og kan gjere det igjen. Ho skuldar han også for å ha vore for lite ambisiøs, for bedageleg. Ho vedgår å ha hatt sine svin på skogen, ein elskar, til overmål ti år yngre enn henne.

Mykje klok observasjonsevne hjå forfattaren gjer portrettet av Karl og Ebba til ei smertefull påminning om den mindre glamorøse sida ved å verte eldre,  men den fortel også om seigliva kjærleik og om krenking som aldri vert gløymd.

Det er forbausande mykje underhaldning og humoristisk snert i Helene Uri si beskriving av dagleglivet sine rituale hjå eit aldrande ektepar som av rein staheit nektar å be naboen om hjelp eller rett og slett ta ein telefon til næraste matvarebutikk. Det finst alltid ein pose med nypete når kaffien tek slutt, eller ein karamellpudding utgått på dato for tre veker sidan. Ebba frydar seg over å servere ektemannen sin nettopp den.

Helene Uri vart med Hålke nominert til Bokhandlerprisen 2016.

Del på facebook
Tommi Kinnunen:

Der fire veier møtes

Der fire veier møtes

I ei lita bygd i det nordlige Finland skil den unge jordmora Maria seg ut og blir utsett for folkesnakk. Ho er sjøvstendig, forsørgjer seg sjølv, og får dottera Lahja utanfor ekteskap.

Det er Maria vi først vert kjend med. Året er 1895 og vi møter henne når ho som nyutdanna jordmor må streve for å finne fotfeste i sitt nye yrke. Ho har eit lyst sinn, og med stå-på viljen sin kjem ho langt. Ho forblir einsleg gjennom livet av eigen vilje. Dottera Lahja er av ein heilt anna støypning. Ho er sta som mor si og når ho sjølv i ung alder finn ut at ho er gravid, er ho bestemt på at om ikkje barnefaren dukkar opp igjen, vil ho gifte seg med ein annan mann snarast.
Ho blir kjend med Onni og giftar seg med ham. Dei får to born, og det er yngstemann Johannes som blir verande i huset som faren bygde opp etter evakueringa.

Onni vende heim som helt etter andre verdenskrig og er ein god mann, flittig og pliktoppfyllande og utruleg flink både med borna og med andre mennesker. Men han finn seg ikkje til rette i ekteskapet og søkjer seg stadig bort. Lahja er bitter og inneslutta og vanskeleg å ha med å gjere.

Mange år seinere bor Lahja ålene i det store slektshuset saman med yngstesonen Johannes, svigerdotter Kaarina og borna deira - i eit hus der alt forblir usagt.
Lahja er no gamal og det er så vidt dei andre toler å ha henne i huset. Kaarina er ei tålmodig svigerdotter som greier å takle den gamle sin biske måte å være på. I 1996, etter 40 år under same tak, dør Lahja som ei gamal dame. Friheitsfølelsen Kaarina og Johannes har venta på kjem ikkje, og ei tomheit inntek den vesle heimen deira.

Til slutt blir det svigerdattera Kaarina som finn svara  på familien sine mange forteiingar og løgner.

At ein finsk slektsroman med handling fra 1890-åra skulle fenge meg slik, hadde eg ikkje venta.

Del på facebook
Joyce Carol Oates:

Karthago

Karthago

Når ei tenåringsjente forsvinn i Adirondack-fjella, skjelv den vesle byen Karthago i grunnvollane. Medan faren, Zeno Mayfield, og andre frivillige fortvila leitar etter den sakna Cressida, vert det oppdaga ein mistenkt som står Mayfield-familien ubehageleg nær -  den dekorerte Irak-veteranen Brett Kincaid, som inntil nyleg var forlova med Cressida si vakre storesøster Juliet. Cressida har vorte sett på ein tvilsam utestad saman med Brett. Tungt medisinert og alkoholisert har han kjøyrt avgarde med dei til eit naturreservat utanfor byen. Cressida kjem ikkje heim. Har Brett drepe henne? Kan han i dei pågåande politiavhøyra skjelne mellom notid og traumatiske opplevelsar i Kirkuk i Irak?

Medan bevismengda mot den krigsskadde korporalen aukar, må Mayfield-familien ta inn over seg at Cressida kan vere tapt for dei for alltid - og at ho kanskje var det allereie lenge før ho forsvann.

Av Cressidas familie er det faren Zeno vi blir best kjend med: byens tidlegere demokratiske borgermeister; maskulin, følsom, handlekraftig og beskyttande. Cressida si mor Arlette og systra Juliet fortel ikkje boka so mykje om.  Den ulukkelege Irak-veteranen Brett og den forsvunne Cressida er hovudpersonane i romanen.

Joyce Carol Oate sin nyaste roman er ei skarpt observert og djupt engasjerende forteljing om ein familie i samhald og oppløysing, og eit skarpt portrett av ein heimvend veteran som for alltid er endra av krigen han var med på. Med Oates sin eigen evne til å skildre både enkeltmennesket si indre drivkraft og mekanismene i det ytre samfunnet, har dette blitt ei oppslukande forteljing om vald og kjærleik, skam og tilgiving.

Eit nytt høgdepunkt frå forfattaren av bl.a. ”Vi var familien Mulvaney”.

Del på facebook
Jojo Moyes:

Et helt halvt år

Et helt halvt år

Kan ein roman vere både trist og sjarmerande morosam på same tid? Ja. «Et helt halvt år» av Jojo Moyes klarar den hårfine balansegangen heilt utmerka. Rørande og morosam, gripande, trist og medrivande. Denne sjarmklumpen av ein roman rommar mange motstridande eigenskapar.

Lou Clark veit ein god del. Ho veit hvor mange skritt det er frå busshaldeplassen og heim. Ho veit at ho likar jobben sin på kafeen The Buttered Bun, og ho veit at ho kanskje ikkje elskar kjærasten sin, Patrick. Det Lou ikkje veit, er at ho snart kjem til å miste jobben, eller at ho er avhengig av å vite kva som ventar rundt neste sving, for ikkje å gå frå forstanden.

Will Traynor veit at motorsykkelulukka tok fra han viljen til å leve. Han veit at alt følest veldig smått og meiningslaust, og han veit nøyaktig korleis han skal få slutt på det. Det Will ikkje veit, er at det er like før Lou stormar inn i livet hans som eit levande fyrverkeri. Og ingen av dei veit at dei kjem til å forandre kvarandre for alltid.

26 år gamle Lou Clark vert ansatt i eit halvt års engasjement for å ta seg av Will, som er lam etter ei trafikkulykke. Will er bister og bitter. Lou er full av humor, livsgnist og sarkasmer. Gradvis lærer dei to kvarandre å kjenne. På godt og vondt. Snart går det opp for Lou at Will ønsker å dø. Alle dei fysiske og psykiske plagene - for ikkje å snakke om saknet av det aktive livet han levde før ulukka - gjer at han ønsker å avslutte det heile. Men han har lova foreldra å tenkje over saka i seks månadar.

Vil Lou klare å overtale Will om at livet er verdt å leve?

Som lesar veit eg at eg er lettlurt. Men eg bit gladeleg på agnet med søkke og snøre og humrar og grin og lar meg rive med. Ei slik bok er dette; ein strålande underhaldningsroman. Den viser at sjølv dei mest ømtålege temaer kan verte belyst med massevis av humor og sjarm utan at det blir platt.

Er du lettrørt, vil denne boka garantert få deg til å gråte ein skvett. Til gjengjeld har den fått deg til å smile mange gongar på veien fram til siste side.

”Et helt halvt år”  har i fleire månadar vore på bestselgarlister i England, USA og Tyskland. Den er selt til over 30 land og planleggast som film i 2014.

 Unn deg å lese denne boka!

Del på facebook
Så lenge det er stjerner på himmelen

Dette er boka som har alt, til og med freistande bakeoppskrifter!

Den fortel ei familiehistorie gjennom fleire generasjonar. Den inneheld løyndomar og løgner som har vore godt gjøymt, men som til slutt vert tvinga fram i dagen. Og når dei gjer det, får det uante konsekvensar for dei det rammar. Historia fortel om tre generasjonar kvinner: Rose, dottera Josephine og dotterdottera Hope.

Rose er fødd i Frankrike på 1920-talet, og når ho får Alzheimers sjukdom i sin alderdom, vert ho innhenta av ei fortid ho ikkje har fortalt nokon om. På 1940-talet under 2. verdskrig kom ho til Amerika som flyktning, traff amerikanaren Ted og fødde kort tid etter dottera Josephine. Gjennom heile sitt vaksne liv dreiv ho eit bakeri som har gått i arv i familien, og som no vert drive av Hope. Ho er i midten av 30-åra, nyskild og prøvar å starte eit nytt liv med dottera Annie.

Ein dag får Hope ei liste med namn av bestemora, som bed henne innstendig om å reise til Paris for å finne ut kva som hende med dei. Namna er heilt ukjende for Hope. Ho tvilar på om det er bestemora som snakkar, eller om det er sjukdommen som dreg avgarde med tankane til den gamle dama. Men etter overtydingar fra tenåringsdottera og med hjelp frå venen Gavin, reiser ho til Paris. Der gjer ho overraskande oppdagingar og vert kjend med bestemora si fortid, som ho har halde hemmeleg heile livet. Oppdagingane gjer også at Hope vert kjend med andre sider av seg sjølv, og at ho også set spørsmålsteikn ved val ho har gjort gjennom sitt 35-årige liv.

Dette er starten til ei nydeleg historie om kjærleik og ærlegdom, identitet og tilhøyring, samt trongen for å verne både seg sjølv og sine næraste for dei val ein tek i livet. Samstundes minner boka om kor viktig det er at verdshistoria ikke vert gløymd.

Ei bok til ettertanke!

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av