Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Mysteriet mamma

Trude Lorentzen:

Mysteriet mamma

Mysteriet mamma

Mia er ei aktiv, glad og vel fungerande  mor som heilt uventa vert psykisk sjuk og tek livet sitt. Dottera Trude er 15 år då dette hender. I dag er Trude vaksen, journalist i Dagbladet og er sjølv blitt mor. Tankane byrjar å melde seg – vil det same skje med henne som med mora, er ho spesielt utsett, og kva skjedde eigentleg den gongen for 25 år sidan? Trude reiser på besøk til far som ho flytta til etter sjølvmordet. Kassene frå mor og Trude sin heim blei pakka  i hui og hast og sett på loftet der. Sidan den gongen har dei ikkje vore opna.  Brødkorga, tigerdressen til mor – alt ho pakkar opp får fram minna. Vi får høyre historia om den vesle familien på tre, mor, far og Trude. Velutdanna foreldre som vert skild  då Trude er 3 år, men som likevel har kontakt og deler foreldreansvaret på ein god måte. Glimt  frå barne- og ungdomsår vekslar med Trude sine undersøkingar i dag. Ho snakkar med slekt og vener av mor og med fagfolk og prøver å forstå meir. Og vi som lesar forstår meir – både om psykisk sjukdom – og ikkje minst kor tøft det er for ein ung pårørande. Dette er ei varm, engasjert, trist og samstundes spanande bok som eg kan anbefale til mange. Ho er velskriven, lettlest og ikkje minst vanskeleg å legge frå seg.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av