Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Hilde Ranheim og Marit Stensby:

Ishavskjerringa

Cover Ishavskjerringa

Ved påsketider i 1952 omkom heile 78 mann frå Sunnmøre i ein av dei største katastrofene i norsk sjøfartshistorie. Fem ishavsskuter forsvann sporlaust i Vestisen. Tilbake sat enkene og nesten hundre farlause barn, mesteparten frå Søre Sunnmøre.

Dette er historia til tre av kvinnene, og korleis dei opplevde ventinga, uvissa, speidinga etter skuta med tønna i toppen. Mennene deira var borte i fleire månader uten eit einaste livsteikn, for i isødet mista dei også radiokontakta med radiosendaren på Vigra. Dette hendte for seksti år sidan, krisepsykiatri eksisterte ikkje, sorga lyt ein bere åleine og arbeide seg gjennom den som best ein kunne. Som Marit sa: ”Eg fekk ikkje sove, og eg greidde ikkje arbeide. Eg såg berre svart”.

Dette er hardt prøva, men flotte, sterke kvinner som fortel si historie. Seksti år etter ulukka har sorgen bleikna, men minna er fortsatt såre, særleg ved påske. Dette er ein svært viktig del om vår nære historie, desse kystkvinnene, ishavskjerringane, som var heime og holdt fortet og venta. Nokre gongar forgjeves.

Del på facebook
Cary Joji Fukunaga:

Jane Eyre

Cover Jane Eyre

Charlotte Brontës berømte klassikar ”Jane Eyre ” frå 1847 har mange av oss eit forhold til. Romanen har vore filmatisert utallege gongar, nokre gongar meir truverdig enn andre. Den største fella filmskaparane har gått i er kanskje å gjere hovudpersonen Jane mykje vakrare enn ho er beskrive i boka.

I denne filmatiseringa frå 2011 er det ikkje slik. Dette er vel den mest realistisk skildringa eg har sett. Omgjevnadene på barneheimen er verkeleg så triste som dei blir beskrivne i boka, Jane ser utsliten og sjuk ut, fargesettinga elles er svært nedtona og dyster. Dette endrar seg gradvis etter at Jane har kome til Mr. Rochester på Thornefield Hall der ho skal arbeide som guvernante.

Og historia kjenner vi, kjærleiken som oppstår mellom Jane og Mr. Rochester og løyndomen han ber på. Og spelar det eigentleg nokon rolle om vi veit korleis det går? Overhodet ikkje når det gjeld denne type film og sjølv om vi alle veit korleis det går. Jane Eyre og hennar kjærleikshistorie blir vi aldri ferdig med. Heldigvis.

God fornøyelse!

Del på facebook
Jane Campion:

Bright Star

Cover Bright Star

Dette er filmen om kjærleikshistoria til John Keats, den fremste engelske lyrikaren under romantikken, og Fanny Brawne. Tittelen ”Bright Star” er tittelen på eit av Keats’ sine mest kjente dikt.

Dette er ein sakte film, ein film som må nytast. Denne kjærleikshistoria som endar så smertefullt er malt så vakkert og vart, så stillferdig, men likevel så voldsomt. Språket og replikkvekslinga er eit stykke for seg, kostymene og interiøra er som eit vakkert tablå der alle detaljar ei nøye gjennomtenkt. Her snakkar vi estetikk, og dette er kanskje ein film for spesielt interesserte.

Keats gjekk i grava i den tru at han var ein middelmådig diktar, men skulle for ettertida bli ein av dei største lyrikarane England har fostra.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av