Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Gutten i den stripete pyjamasen

Et spesielt vennskap mellom to åtte år gamle gutar får fatale konsekvensar.

Bruno sin far er nazioffiser under annen verdskrig. Han tek med seg familien sin frå herskapshuset deira i Berlin til ein kommandantbolig utanfor ein konsentrasjonsleir, då han skal ta over leiinga av leiren.  På den avsidesliggjande staden dei kjem til har Bruno korkje vener eller mykje å finne på. Han får også streng beskjed om å ikkje gå i bakhagen.  Frå loftsvindauget ser han fleire folk i det fjerne som ser ut til å jobbe på ein gard.  Bruno vert nysgjerrig og byrjar å søke mot staden, der alle til hannar undring går rundt i pyjamasar. Det er høge piggtrådgjerder rundt garden, men Bruno får kontakt med ein jamnaldrande gut innanfor gjerdet.  Guten i den stripete pyjamasen er svolten og fortvila fordi han ikkje kan finne att far sin.  Bruno er ein uskuldig og naiv gut som har levd eit beskytta liv, der han ikkje veit kva som gjeng føre seg i verda rundt han. Han vil gjerne hjelpe guten bak gjerdet og byrjar å smugle med seg mat til han frå kjøkenet heime og vil også gjerne hjelpe han å leite etter faren….

Dette er ein stillferdig og gripande film om jødeutryddinga som eg sterkt anbefalar.

Filmen som er frå 2008 er basert på den bestselgjande barneboka med same namn av den irske forfattaren John Boyne.  Medan filmen har fått aldersgrense 11 år, kan boka gjerne lesast av born yngre enn det.  Både bok og film er pensum på dei fleste ungdomsskular når temaet Holocaust vert teke opp. 

Del på facebook
David Fincher:

The Social Network

The Social Network

Dei aller fleste av oss har eit forhold til Facebook.  Filmen ”The Social Network” gir eit portrett av Facebookgründaren Mark Zuckerberg og fortel historia om korleis Facebook vart til.

Mark Zuckerberg var student på Harvard da han i 2003 byrja på arbeidet som seks år seinare gjorde han til verdas yngste milliardær. Det heile starta med at han hacka seg inn på nettsidene til alle fakulteta på Harvard for å få tak i bilete av jentene på universitetet. Deretter programmerte han ein nettstad der studentane skulle kunne sjå kven andre som studerte der. Nettstaden spredde seg raskt til andre universitet i Amerika. Resten er historie.

Suksessen var ikkje berre ein dans på roser. Den ga Zuckerberg nedturar både privat og juridisk.  Filmen vekslar mellom scener frå studentlivet ved Harvard, der det heile starta, advokatmøte i samband med søksmål retta mot han og den vidare etableringa av Facebook. I løpet av nesten to timar fylgjer vi fire år av livet til Zuckerberg. Han framstår som veldig intelligent, men med mangel på sosiale antenner. 

Den verkelege Zuckerberg har kommentert at det einaste i filmen som stemmer med verkelegheita er kleda til rollefiguren Zuckerberg og at den eigentlege motivasjonen bak Facebook bare var å skaffe seg damer. I kor stor grad filmen stemmer med verkelegheita er ikkje godt å seie. Uansett er dette er ein veldig fin, interessant og god film. Jesse Eisenberg imponerar i rolla som Zuckerberg. Elles medverkar blant anna Justin Timberlake.

Filmen er basert på boka ”The accidental Billionaires" av Ben Mezrich.  Den vant Golden Globe for beste film i 2010, i tillegg til beste regi, manus og originalmusikk. Regissør er David Fincher som også har filmar som ”Seven” og ”The fight club” bak seg.

 

Del på facebook
Oliver Ussing:

Min beste fiende

Min beste fiende

Dette er filmatiseringa av den danske ungdomsboka "Nørdernes forvandling", skreve av Thorstein Thomsen. I Danmark er boka og filmen brukt som undervisningsmateriell i barne- og ungdomsskulen på grunn av dei viktige emna filmen tek opp; mobbing , venskap, vald og identitetsbygging.  Filmen handlar om Alf, skolen sitt mobbeoffer, som får inspirasjon frå ein tegneseriehelt og bestemmer seg for å ta igjen med mottoet "angrep er det beste forsvar". Han allierar seg med ensomme Toke og saman byggjer dei opp ein hær for å setje dei kule elevane på skulen ut av spel. Alf og Toke lukkast i  å verte populære, men dei vert uenige om  metodane i spillet sitt og makta går dei så til hodet at dei gløymer alt dei stod for tidlegare.

Dette er ein film ein ikkje gløymer så fort. Det er sjokkerande, men ikkje usansynleg at slike ting skjer. "Den beste filmen eg nokon gong har sett", seier sonen min på 14 år. Filmen burde bli sett av all ungdom og foreldre. Den inneheld ein del sterke, valdelege scener, så dei yngste bør sjå filmen i lag med ein vaksen.     

Filmen som er frå 2010 har mellom anna Kim Bodnia i ei av hovudrollene, men det er dei unge skodespelarane som imponerer mest.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av