Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Catching fire

Francis Lawrence:

Catching fire

Catching fire

Lions gate er eit nyare kanadisk filmselskap som har satsa på mange ikkje-amerikanske filmar. Selskapet har brakt til kinolerretet filmar som er for kontroversielle for dei store, konservative amerikansk selskap, som for eksempel Dogma frå 1999. Men det er filmane om Dødslekene som har gitt selskapet mest suksess økonomisk, og dei er amerikanske og ikkje kontroversielle.

Filmane utspiller seg i Panem, eit satirisk-dystopisk USA med nord-koreanske undertoner, der ein fjern og beskytta overklasse herjer med tolv gjenståande distrikt. Korleis dei lever av dei økonomisk er vanskeleg å sjå. Derimot lever dei i Capitol for reality underhaldning, ved å utfordre/påtvinge ‘leikane’ med livet som innsats.
 
 Det skjer årleg, men kvart 25. år er det noko ekstra. I Catching Fire, film 2 av 3 i serien, får vi dette tillegget. Ein forventar da meir enn sist, men film mangler noko av originaliteten i den første filmen, som var jo veldig god. Kurven går vel opp igjen i film 3, for da får vi vite meir om kvifor del 1 og 2 er som dei er.
 
 Dei sterkaste kjenslene i filmnummer 2 er minnet som liva som gjekk tapt i film 1. Spesialeffektene i Catching fire er imponerande, men dei også er med å drukne dei menneskelege kjenslene noko i akkurat denne produksjonen., ,

Den første filmen, Hunger Games, har tempoet og spenninga som mangla i Twilight-filmane (kanskje med unntak av Twilight film 1), og samtidig har klarheita og kjenslene som manglar i Skyggejegerne. I Catching Fire varer derimot intervjua og introduksjonane litt for lenge før spenninga knytt til leikane tar eit tak i oss ute i Arenaen ein stad i skogen.

Heltinnen Katniss vann dei tidlegare leikane i film 1, og blei ein populær vinnar blant ‘folket’. Styresmaktene (President Snow) opplever bandet mellom Katnisss og ‘folket’ som ein trussel. Ho har sympati for massane, and det kan mane til opprør. Ho blir derfor valgt til å konkurrere i dei nye leikane for å bli kvitt henne, ein skjerpa konkurranse der alle tidlegare vinnarar møter for å drepe kvarandre.

Diktaturstemninga i filmen er ikkje å ta feil av, men kjærleikstemninga må ein nesten tilbake til boka for å finne fram til.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av