Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Jeg, Daniel Blake

Ken Loach:

Jeg, Daniel Blake

Cover til Jeg, Daniel Blake

Jeg, Daniel Blake

Kvifor pratar ingen om «framandgjering» lenger? Kvifor ikkje i dag, når det er god grunn til det? Vi har utvikla eit samfunn der «effektivisering» blir synonymt med «digitalisering», og der «digitalisering» gjerne har ei «best før»-aldersgrense.
Jau, det er mange eldre som taklar det meste på data. Men det er også mange som kom ut i arbeidslivet før rettetasten vart introdusert på elektriske skrivemaskiner, og som aldri har hatt behov for å trykke eller taste på noko som helst – før dei i godt vaksen alder må ha kontakt med statlege instansar som krev at du berre kan nå dei på telefon (og da med eit tilfeldig kontor ein anna plass i landet) og utføre det du treng å gjera på nett. Har du ingen nær deg som kan hjelpe, er du ille ute. Da er det lett å gi opp og t.d. legge bort opparbeidde krav på refundering av pasientreiser, miste oversikt over kva du får utbetalt i pensjon og kva det no skal vere. Du føler deg temmeleg utafor samfunnet. Du har ikkje kontroll i ditt eige liv lenger. Du er framandgjort.

Ken Loach har alltid stått opp for dei som fell ut av samfunnet. Slike som Daniel Blake, enkemann som vart sjukemeldt og stangar inn i kafkaske veggar for å få den hjelpa han har krav på. Og han er ikkje åleine og får nær kontakt med ei åleinemor som verken har råd til mat eller straum og må til slutt ty til det einaste ho har att å selje. 

81-årige Loach har laga liknande filmar i heile si karriere, der det regnar steinar («Raining Stones», 1993) på hovudpersonane som du finn mellom dei nedste i arbeidarklassen – «Riff Raff»-et (1991).

Stilen er difor dokumentarisk, filminga verkar ekte og ikkje tilgjort med perfekt lyssetting eller lyd. Skuespelarane er ikkje av dei mest kjente, noko som også støttar opp om det dokumentariske – da vi ikkje koplar dei til andre filmar. Dessutan tok han opptaka i «Jeg, Daniel Blake» i kronologisk rekkefølge og lot skuespelarane vere delvis uvitande om kva som skjer framover. Skuespelarane stiller difor likt med rollefigurane dei skal portrettere, noko som også gir ei meir «ærleg» tolking.

Om ein, etter mi meining, skal dra fram ein liten minus med filmen, er det eit innslag på slutten – som fortonar seg som ei lita preike. «Don’t tell it, show it!», heiter det. Men han viste det likevel så godt denne gongen at han vann «Gullpalmen» i Cannes i 2016 for «Jeg, Daniel Blake».

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av