Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Sauls sønn

László Nemes:

Sauls sønn

Sauls sønn

Få har vekt slik merksemd med sin debutfilm som ungararen László Nemes, sjølv om handlinga er frå eit velkjent kapittel i vår bestialske nære historie; Holocaust.

Historia er altså kjent: Jøden Saul er i ein såkalla sonderkommando i Auschwitz. Han er av dei fangane som er tatt ut til å hjelpe nazistane med skitarbeidet i konsentrasjonsleiren. Som motyting får han litt betre «soningsvilkår» og, ikkje minst, får leve vidare – i alle fall for nokre månader.

Sonderkommandoen leier dei som kjem til leiren inn til «garderobeanlegget», sørger for at dei tek av seg kleda, stenger døra etter at dei har gått inn i «dusjen», tek verdisakene dei har lagt att, lempar ut dei daude kroppane (eller «kollia», som lika blir forretningsmessig omtalt som) og skrubbar rein gasskammeret klar til å ta imot neste parti med fangar. Andre brenn opp lika og transporterer vekk oska. Kort sagt: eit helvete på jord.

Saul går rundt som ein levande dauing og gjer rutinemessig jobben sin. Heilt til ein gut viser seg å overleve gassdosen, i alle fall for ei lita stund. Hostande blir guten lagt fram for «doktorane» for vidare undersøking.

Saul påstår at guten er sonen hans og prøver først å redde liket frå å bli brent, for så å leite etter ein rabbi, slik at guten blir gravlagt på rett måte etter jødiske tradisjon. Det verkar å vere Sauls siste desperate forsøk på å vinne att ein ørliten rest av menneskeleg verdigheit før det blir for seint.

Historia i seg sjølv er så ekstrem at den knapt kan visast. Og det er akkurat det som skjer også: vi får aldri eit overblikk over alt det groteske. Det meste skjer i bakgrunnen, uskarpt og med namnlause. Eller heilt utafor bildet, formidla gjennom lyd.

Kamera er omtrent heile tida opp i ansiktet, eller i nakken, på mimikklause Saul, og slik sett blir alt tona ned. Filmen har eit format som er omtrent som på dei gamle fjernsyna – og det gjer at ein skrellar vekk det meste på sidene og «berre» gir rom for nærbilda. Det «innestengte» perspektivet blir forsterka ved at kameramannen har valt eit svakt vidvinkelobjektiv; noko som syg oss enno nærare til Saul. Tagningene er lange og fargene dystre. Som handlinga.

Dette er debutfilmen til Nemes, og hovudrolla blir også spelt av ein debutant, Géza Röhrig. Röhrig har forresten skrive to diktsamlingar om Shoah (Holocaust). Filmen vann både Oscar og Golden Globe som beste framandspråklege film, og «Sauls sønn» stakk av med den nest gjevaste prisen i Cannes, Grand Prix.

Kritikarane trilla stort sett seksarar da «Sauls sønn» gjekk på kino her til lands sist vinter.

  

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av