Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Senna

Asif Kapadia:

Senna

Cover Senna

Dokumentarfilmen Senna frå 2010 har ingrediensar som gjer den til noko meir enn ein film om sport. Dette er ein film også for dei som bryr seg minimalt om Formel 1 eller nokon annan sport for den del.

Britisk-indiske Asif Kapadia har laga denne dokumentaren om Formel 1- legenda Ayrton Senna. Brasilianeren, som mange reknar som den beste Formel 1-føraren nokon sinne, døydde i eit dramatisk krasj i San Marino Grand Prix i 1994, berre 34 år gammal, men rakk å vinne 41 løp før karriera fekk ein slik tragisk ende.

Filmen følgjer Senna frå gjennombrotet på åtti-talet, via den mangeårige rivaliseringa med den franske føraren Alain Prost, til han endelig oppnådde status som den ultimate superstjerna i Formel 1- sirkuset. Filmen gjev eit fascinerende innsyn i livet bak fasaden, om ein mann som er sky og tilbaketrekt men likevel hamnar i stadige konflikter med autoritetane og pengekreftene i bransjen om det han opplever som urettferdigheiter. Samtidig vert det teikna eit bilete av ein velgjerar og patriot som foretrakk diskresjon rundt dei millionane han donerte til fattige born i Brasil.

Kapadia fekk tilgang til femten tusen timar arkivmateriale og han fortel historia ved hjelp av desse arkivbilda og ingenting anna. Han brukar fiksjonsfilmen sine mekanismar og verkemiddel, det gjev intensitet og du kjem tett på og klippinga medverkar til å suge deg inn i universet og historia. Og du slepp bilda av dei snakkande hovuda som i notid skal kaste lys over fortida.

Med kunnskap om hendingsforløpet er det eit iboande ubehag som kviler over Senna. Eit ubehag som vert forsterka fordi regissøren aldri spelar på den, men istaden held tilbake og let historia utfalde seg ved hjelp av kronologien.

Uavhengig av ditt forhold til sport og Formel 1, og uavhengig av om du kjenner til eller knapt har høyrt om Ayrton Senna – eg kan ikkje forestille meg at du kan unngå å bli berørt av denne dokumentaren.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av