Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Sherlock

Paul McGuinan, Euros Lyn :

Sherlock

Cover Sherlock

Nyskapande Sherlock Holmes frå BBC

I denne BBC-serien (2011) om Sherlock Holmes er handlinga lagt til dagens London samtidig som dei har behalde alle dei viktige plotta frå bøkene til Sir Arthur Conan Doyle. Episodane er så lange at du kjem skikkeleg inn i storyen, kvar episode har lengde omtrent som ein spelefilm.

I første episode vert ei kvinne kledd i rosa funnen død i eit forlatt hus. Ho er det fjerde mistenkelege dødsfallet på kort tid. Inspector Lestrade, Scotland Yard sin beste mann, blir sett på saka, men det viser seg at han har lite å fare med samanlikna med ein ung mann med navn Sherlock.

Ein annan stad i London returnerer ein skada krigsveteran frå Afghanistan. Han møter ein merkeleg, men karismatisk mann som er på jakt etter ein romkamerat. Dette er det første møtet mellom Sherlock Holmes og Dr. John Watson, to menn med svært lite til felles, men som snart skal vise seg å utfylle kvarandre på genialt vis.
 
 Sherlock fungerer best i sitt elska London. Byen er vakkert framstilt, i kalde blåtonar og med nydelege oversiktsbilete. Sjølv om dette er dagens London har byen i denne serien på mange måtar behalde sitt viktorianske preg.

Her er intrikate plott, fantastisk kameraføring, artig forteljarteknikk, glimrande skodespel og eit fargerikt persongalleri. Dette er ei fabelaktig oppdatering av Doyles klassiske historier om Sherlock Holmes. Her er meisterdetektiven vist i eit nytt lys, på kanten, moderne, komplisert og farlig.

I rollene finn vi Benedict Cumberbatch som Sherlock og Martin Freeman som Dr. Watson. Begge er forresten å finne i storfilmen Hobbiten som har premiere no i desember.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje

Vi blir inspirert av