Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Barn

Biblioteket er ein stad du kan stikke innom på fritida, anten du vil låne noko, eller berre vere her. Du kan lese, teikne, spele spel eller gjere lekser - eller kanskje du vil leike med bibliotekbamsane?

 

Interiør 013

 

interiør 002

Dei minste

  • Peikebøker
  • Songbøker
  • Rim og regler

Helsestasjonen og biblioteket

Samarbeid

Helsestasjonen har eit opplegg for barselgruppene, der ein tek opp ulike tema knytt til barns utvikling, og samspel mellom barn og foreldre. Biblioteket tek del på barselgruppene når barna er ca. 1 år. Vi har ei orientering om tidleg språkstimulering og høgtlesing, og ein presentasjon av aktuelle bøker.

Gåvebok

Alle 1-åringar i Skodje får ei bok i gåve. Foreldra får eit gåvekort på helsestasjonen som dei kan ta med til biblioteket og få ei gratis bok som passar godt til høgtlesing. Bokgåva er finansiert av Det Norske Samlaget og Sparebanken Møre, Skodje.

Vi håper dette kan inspirere barn og foreldre til fine lesestunder.

 

Bø og Bæ

 

Førskulebarn

  • Billedbøker
  • Høgtlesingsbøker
  • Lesestartbøker
  • Enkle faktabøker
  • Filmar
  • Lydbøker
  • Dataspel
Barnehagebiblioteket 002

 

Barn i småskulen

  • Lettlestbøker
  • Forteljingsbøker
  • Høgtlesingsbøker
  • Faktabøker
  • Teikneseriar
  • Lettlestbøker
  • Lydbøker
  • Filmar
  • Dataspel
  • Bøker til skulestart

 

Småskulebarn

 Større skulebarn

  • Lesetreningsbøker
  • Forteljingsbøker; kjærleik, humor, fantasy, spenning
  • Faktabøker om ulike tema
  • Teikneseriar
  • Film
  • Lydbøker
  • Dataspel
001

 

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje