Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Skodje bibliotek > Kven er du? > Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilte behov

Skodje bibliotek er eit "Bok til alle"-bibliotek. Det betyr at vi har bøker i ulik form for personar som slit med å lese.

Bøkene står i hylla merka med "bok til alle"-symbolet

Bok til alle

Personar med lesevanskar

Biblioteket har lettleste bøker for både barn og vaksne.

Lettlestbøker for barn og unge blir brukt av dei aller fleste barna, ikkje berre dei som har vanskar med  å lese. Desse bøkene er plassert i barneavdelinga i hylla for lettleste bøker. Dei har eit grønt merke på bokryggen

Lettleste bøker:

  • Er kortare
  • Har enkelt språk
  • Har korte avsnitt/kapittel
  • Er ofte tilpassa lesaren sin alder og modenhet
  • Har ganske store variasjonar i vanskegrad

Når det gjeld lettleste bøker for vaksne, har vi to kategoriar:

  • Nokre bøker har eit enkelt språk, mens innhaldet ikkje er tilpassa nokon spesiell gruppe.
  • Andre bøker har både eit enkelt språk og enkelt innhald. Desse bøkene er egna for personar med psykisk utviklingshemming. Bøkene er plassert i "Bok til alle"-hylla. Spør om hjelp om du ikkje finn dei.

Her kan du lese om organisasjonen Leser søker bok som formidler lettleste bøker for vaksne

Personar med syns- og hørselshemming

Biblioteket har lydbøker for både barn og vaksne.

Vi har og ei lita samling med storskriftbøker for vaksne, men det kjem ikkje mange nye bøker i denne kategorien. Bøkene er plassert i "Bok til alle"- hylla. Spør om hjelp om du ikkje finn dei. 

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har eit stort utval av lydbøker og punktskriftbøker til utlån

 

Lydboeker

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje