Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Skodje bibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande. Lokalsamlinga i biblioteket er eit knutepunkt for dette i nærmiljøet og for folk flest. Her kan ein finne samla det meste av bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Skodje. Det kan t.d. vere generell historie om kommunen og lokale høve, om bedrifter, lag og foreiningar, om ulukker, forlis, o.l. og om personar frå Skodje, slektshistorie og gardshistorie.

Lokalsamlinga er plassert på studierommet.

Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som inneheld artiklar om Skodje. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.

Bokhylla kan du finne digitaliserte bygdebøker og anna aktuelt matriale i fulltekst.

Skodje bibliotek har eit samarbeid med Skodje sogelag om slektgransking. Vi har ei slektsgruppe som møtest på biblioteket ein gong i månaden.

Her finn du nettstaden til Skodje sogelag

Jentekolonien

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje