Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Skodje bibliotek > Om biblioteket

Om Skodje bibliotek

Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek som slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen. Biblioteket er eit ledd i et biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.

Vi har eit nytt, lyst og flott bibliotek i andre etasje i Gomerhuset.

Bilde av logoen til Skodje bibliotek

 

 

 

 

 

 

Kombinasjonsbibliotek

Skodje bibliotek er i tillegg til å vere eit folkebibliotek, også skulebibliotek for Skodje barneskule og Skodje ungdomsskule.

 

 Interkommunalt samarbeid

Skodje og Ørskog har samarbeidd om bibliotektenester sidan 2003. Dette gjer at vi kan tilby brukarane eit variert og godt bibliotektilbod.

  • Samlingane er registrert i ein felles søkbar katalog
  • Lånekorta kan brukast på begge biblioteka
  • Vi har felles lånereglar
  • Bøker og anna materiale kan leverast på begge biblioteka
  • Det er felles bruk avsamlingane, og vi bringer bøker og anna materiale mellom dei to biblioteka
  • Samarbeid om ulike tilbod til vaksne studentar
  • Samarbeid om ulike arrangement, t.d. forfattarbesøk i skulen 

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje