Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Skodje bibliotek > Om biblioteket > Serviceerklæring

SERVICEERKLÆRING FOR SKODJE BIBLIOTEK

Tilgjengeleg ~ imøtekomande ~ kompetent

Vi har som mål å sette brukaren først og sikre gode bibliotektenester uansett kva bibliotek brukaren vender seg til.

 

Handshake

 

 

 

 

 

 

 

SERVICEERKLÆRING 

FØREMÅLET MED TENESTA

Biblioteket si overordna målsetting:

"Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Virksomheten skal være utadrettet, og tilbudene skal gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et nasjonalt biblioteksystem" (Lov om folkebibliotek)

KVEN SOM KAN FÅ TENESTA

Biblioteket er ope for alle. Alle innbyggarar i kommunen og alle andre med fast adresse i Noreg kan få lånekort.

INNHALDET I TENESTA

Publikum har høve til å:

  • Låne bøker, lydbøker, tidsskrift, video og språkkurs.
  • Låne tilrettelagt litteratur som storskriftbøker og lettlestbøker.
  • Lese aviser og tidsskrift
  • Bruke lokalhistorisk samling
  • Bruke leseplassar.
  • Tilgang til å bruke biblioteket som studieplass etter avtale.
  • Bruke publikums-pc med tilgang til internett
  • Kjøpe kopieringsteneste
  • Få kulturelle opplevingar som utstillingar og arrangement.

KVA BRUKARANE KAN FORVENTE AV OSS

  • Bibliotekbruk er gratis
  • Det skal vere enkelt å bruke biblioteket
  • Vi sørger for allsidig tilvekst til samlingane, og er opne for forslag frå publikum til innkjøp.
  • Vi låner bøker og anna materiell frå andre bibliotek når det ikkje finst i våre eigne samlingar.
  • Du får svar på spørsmål enten direkte, pr. telefon eller epost.
  • Førespurnadar blir behandla konfidensielt.
  • Vi overheld teieplikta.
  • Personlege opplysningar om lån blir sletta når materiellet er innlevert.
  • Du blir imøtekomen på ein god, effektiv og serviceinnstilt måte.

KVA VI FORVENTA AV BRUKARANE

  • At du kjenner bibliotekets lånereglar
  • At du har med lånekortet når du skal låne (Unntak: skuleelevar som nyttar skulebiblioteket)
  • At du følger biblioteket sine reglar for internettbruk
  • At du overheld lånefristar
  • Ved lån frå andre bibliotek, er det eigarbiblioteket som fastset lånetida.
  • At du behandlar bibliotekets materiale på ein forsvarleg måte
  • At du gir tilbakemelding på tenestene våre, både det du er nøgd med, og det som kan bli betre

 

Opningstider

Måndag 13.00 - 16.00
Tysdag 13.00 - 19.00
Onsdag 13.00 - 16.00
Torsdag 12.00 - 19.00
Fredag 12.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 24 41 91
Epost: biblioteket@skodje.kommune.no

Besøksadresse

Stadionvegen 25, 6260 Skodje