Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Stordal bibliotek > Bruk biblioteket

Bruk biblioteket

Biblioteket – ei verd av draum og fakta!
Bruk biblioteket
FreeDigitalPhotos.net

Ja, biblioteket er ei heil verd, du kan faktisk finne eit heilt univers av kunnskap på biblioteket. Du finn forteljingane, dei sanne og dei oppdikta, dei gamle og dei nye. Forteljingane som gir tankane noko å tygge på og venger til draumane. Biblioteket er meir enn bøker, meir enn utlån og innlevering. Men det også - sjølvsagt finn du bøker, lydbøker, filmar, cd-ar, språkkurs og dataspel som du kan låne med deg heim. Heilt gratis.

Biblioteket er også ein stad å være, for å sitje og lese, eller berre sjå ut i lufta, og her treff du andre som likar å vere på biblioteket. Biblioteket er også ein stad der du kan gjere lekser og studere. Kanskje studerer du slekta di, eller kanskje skriv du på ein artikkel til lokalavisa og veit ikkje heilt kvar du skal starte?

Vi som arbeider på biblioteket vil gjerne hjelpe deg med å finne den rette boka eller ein god film. Kanskje er du på leit etter ein høveleg song eller eit dikt, til dømes til mor sin 70-årsdag - Vi kan hjelpe deg med å finne orda som kan varme eit morshjarte. Kanskje treng du å bestille noko frå eit av dei andre 1000 biblioteka i Norge? Biblioteket fiksar det.

Biblioteket er ditt. Bruk det!

Opningstider

Måndag        17.00 - 19.30
Tirsdag 10.00 - 14.00
Onsdag

10.00 - 13.00

17.00 - 19.30

Torsdag 10.00 - 14.00
   

Kontakt

Tlf.: 70 27 91 90
Epost: bjorg.moltu@stordal.kommune.no