Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Stordal bibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Koseleg matykt på Langsetrane i Stordal

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande. Lokalsamlinga i biblioteket er eit knutepunkt for dette i nærmiljøet og for folk flest. Her kan ein finne samla det meste av bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Stordal, samt ein del om bygdene ikring og fylket vårt.

 

Lokalsamlinga i biblioteket innheld mellom anna :

Biblioteket har og årgangar av ei lokalavis heilt tilbake til 1991.

Årsfest for Stordalshallen på DVD.

Søk i Stordal bibliotek sin katalog for å finne meir lokalt materiell.

Tidsskrifta Lokalhistorie og Arkivmagasinet kan du lese eller låne på biblioteket.

Biblioteket har mikrofilmlesar og internett til bruk for publikum.

 

Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som innheld artiklar om Stordal kommune. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne fram til kva publikasjon artikkelen står i.

På Kulturnett Møre og Romsdal kan du søke i Kultursøk. Eit søk i kultursøk omfattar Arkivportalen, Digitalt museum, Digitalt fortalt og FylkesFotoarkivet. søket viser digitalisert materiale frå heile landet.

Her finn du lenke til Kulturnett Møre og Romsdal sitt kultursøk.

Kulturnett Møre og Romsdal har mykje interessant for den som er lokalhistorisk interessert.

Her finn du lenke til sida lokalhistorie på Kulturnett Møre og Romsdal

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal: Her finn du lenke til IKA

Her finn du link til Fylkesfotoarkivet

Her finn du lenke til Digitalarkivet

Opningstider

Måndag        17.00 - 19.30
Tirsdag 10.00 - 14.00
Onsdag

10.00 - 13.00

17.00 - 19.30

Torsdag 10.00 - 14.00
   

Kontakt

Tlf.: 70 27 91 90
Epost: bjorg.moltu@stordal.kommune.no