Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Stordal bibliotek > Om biblioteket

Om Stordal bibliotek

Stordal bibliotek er eit gratis, offentleg tilbod som er tilgjengeleg for alle i opningstida.

Biblioteket har lokale i Stordal skule, og inngangen er på austsida av skulen. Biblioteket ligg vegg i vegg med Stordalshallen. 

Biblioteket er eit kombinert skule- og folkebibliotek.

Bilete frå Stordal bibliotek sine lokale

Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek som slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek.

Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen.

Biblioteket er eit ledd i et biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.

Bruk gjerne menyen til venstre for å bli kjent med biblioteket. Her finn du informasjon om kven vi er og kva vi gjer.

Opningstider

Måndag        17.00 - 19.30
Tirsdag 10.00 - 14.00
Onsdag

10.00 - 13.00

17.00 - 19.30

Torsdag 10.00 - 14.00
   

Kontakt

Tlf.: 70 27 91 90
Epost: bjorg.moltu@stordal.kommune.no