Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Stordal bibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Utstilling om plastforsøpling i havet

Utstilling om plastforsøpling i havet

Utstilling om plastforsøpling i havet

Vandreutstillinga om plastforsøpling i havet er no på plass i Stordal bibliotek. Utstillinga skal vere i Stordal fram til 28. juni.

Frå pressemeldinga om utstillinga har ein saksa fyljande:

Med utstillingar på biblioteka som viser konsekvensane av plastforsøpling i havet, ynskjer dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, i samarbeid med Runde Miljøsenter og Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom fylkesbiblioteket, å få auga opp på folk og vise kva som skjer med naturen som følgje av store mengder med herrelaus plast.

Engasjere til rydding. Og viktigast av alt, det gjeld å få folk til å vere med på den store ryddedugnaden som må til om vi skal kome problemet med marin plastforsøpling til livs. Håpet er også at folk tenkjer seg om og let vere å kaste frå seg plastavfall ute i naturen. Det folk kastar frå seg, hamnar til slutt i elvar, sjøen og havet.

- Få med deg vener, familie, naboar og andre og rydd ei strand. Du finn informasjon på heimesidene til renovasjonsselskapa om korleis du skal gå fram og kva du skal gjere med avfallet etterpå, lyder oppmodinga frå dei som står bak denne utstillinga.

Kval med plast i magen. Marin plastforsøpling har fått stor aktualitet denne vinteren og våren, først og fremst på grunn av gåsenebbkvalen som enda sine dagar i fjøra på Sotra, og der det viste seg at magen til kvalen var full av plast. Dette utløyste eit veldig stort engasjement, og fleire stader kom strandryddinga i gang rekordtidleg.

Sjølve utstillinga har Runde Miljøsenter laga. Formidlings- og besøkssenteret på Runde opna ei langt meir omfattande utstilling om marin plastforsøpling i midten av januar. Dei har laga ei mindre utstilling som utover året vil vandre frå bibliotek til bibliotek på Sunnmøre.

Del på facebook

Opningstider

Måndag        17.00 - 19.30
Tirsdag 10.00 - 14.00
Onsdag

10.00 - 13.00

17.00 - 19.30

Torsdag 10.00 - 14.00
   

Kontakt

Tlf.: 70 27 91 90
Epost: bjorg.moltu@stordal.kommune.no