Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Stordal bibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Velkommen til trim og bokbad

Velkommen til trim og bokbad

Noko for ein kvar smak på Trim og bokbad

Tirsdag den 17. november kl. 18.30 inviterer Stordal bibliotek igjen til trim og bokbad. Biblioteket har fått på plass fleire leseglade som vil fortelje om bøker, som dei med glede vil anbefale til andre. Det vil bli presentert romanar i fleire  sjangrar, så her vil det vere noko for ein kvar smak. Vi kan røpe at Lars Johan Nygård vil fortelle om si favorittbok. Det finst ikkje så mange eksemplar av denne på bibliotek i fylket, men Stordal bibliotek har sytt for at denne litt spesielle boka, som omhandlar eit litt spesielt interesseområde, er tilgjengeleg for godaste Lars Johan Nygård.

Etter bokbadet på biblioteket kan du velje mellom to trimalternativ kl. 19.30: Bading i bassenget eller ein trimtur i regi av Mental Helse Stordal.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Stordal bibliotek og Mental Helse Stordal, og er ein del av prosjektet Biblioteket i farta som er støtta av Nasjonalbiblioteket, Møre og Romsdal Fylkesbibliotek og Sparebanken Møre.

Del på facebook

Opningstider

Måndag        17.00 - 19.30
Tirsdag 10.00 - 14.00
Onsdag

10.00 - 13.00

17.00 - 19.30

Torsdag 10.00 - 14.00
   

Kontakt

Tlf.: 70 27 91 90
Epost: bjorg.moltu@stordal.kommune.no