Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Les

Leseopplevingar for alle

Barn leikar

 

 

 

”Å lese er for hjernen det mosjon er for kroppen” 

Joseph Addison   

 

 

 

 

 

 

 

 

På biblioteket finn du lesestoff i alle slags sjangrar og til alle aldersgrupper: romanar, noveller, skodespel og dikt. Her er det litteratur for einkvar smak: krim, fantasy, lett underhaldning, historiske romanar, samtidsromanar osv. Her finn du bøker både av norske og utanlandske forfattarar. 

Biblioteket har og ei samling av bøker på engelsk. Bøker på andre språk kan vi skaffe deg frå andre bibliotek. Vi hjelper deg gjerne med å finne fram til bøker som kan passe for deg, eller du kan la deg inspirere av tipsbloggen vår.

Dersom du ikkje finn det du leiter etter på hylla, kan det vere at det står i magasinet vårt. Mange eldre titlar står i magasinet, og mykje av det som står der er ikkje registrert i mediabasen. Spør oss gjerne!

 

Kunnskap - til nytte og glede

Biblioteket si samling av faglitteratur omfattar alle område av kunnskapsuniverset. Spør gjerne oss om hjelp slik at vi kan finne fram til nettopp det du treng!

Dersom vi ikkje har det du leitar etter i vår samling, skaffar vi det gjerne inn til deg frå andre bibliotek. Her kan du lese meir om fjernlån og Norgeslån.

Opningstider

Måndag        17.00 - 19.30
Tirsdag 10.00 - 14.00
Onsdag

10.00 - 13.00

17.00 - 19.30

Torsdag 10.00 - 14.00
   

Kontakt

Tlf.: 70 27 91 90
Epost: bjorg.moltu@stordal.kommune.no