Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Johan B. Mjønes:

Heim

Cover Heim

For ein lesar som i løpet av få år har følgt si gamle mor, ei tante og to svigerforeldre inn i døden på ulike sjukeheimar, vart Johan B. Mjønes sin roman Heim ei særs sterk lesaroppleving! Forfattaren skriv stillfarande, nært og overtydande om noko vi ikkje kan ha klar kunnskap om: det siste døgnet i ein gamal, døyande manns liv.

Kliniske rapportnotatar frå det daglege stellet, ført i pennen av pleiarane, deler opp dagen der Jørgen Heim kjempar ein dødskamp medan han glir inn og ut av fantasiar og fragmenterte minne frå eit langt liv. Kroppslege sanseinntrykk i røynda utløyser minner frå oppveksten på familiegarden Heim i Trøndelag. Der bur han saman med foreldra, farfar og ikkje minst storebroren som er odelsgut. I brotstykke kjem lesaren tett inn på arbeidsprosessane på garden og i skogen. Vi følgjer korleis tradisjonell gardsdrift etter kvart står steilt mot nye tider som kjem, Jørgens møte med kjærleiken, livet som tenåring under andre verdskrigen. Når ei stor katastrofe rammar den vesle familien, må livet ta ei ny vending for Jørgen.

Trass i at livshendingane ikkje blir skildra i kronologisk orden, er vekslinga mellom notid, fortid og fantasiar ikkje forvirrande. Overgangane er elegant og smidig utført, i eit språk som ligg tettare på farfaren til forfattaren sitt språk enn hans eige akademiske, som Mjønes seier i eit intervju. Forfattaren sjølv har jobba som pleieassistent på ein sjukeheim og at han har innsikt i palliativ pleie og livet i ein sjukeheim, er tydeleg.

Bokomslaget må og nemnast: To aldrande hender, der høgrehanda sjekkar armbandsuret på den venstre - er eit utsnitt av maleriet Ringen sluttet (1977) av Håkon Bleken.

Heim er ein gripande roman som også er utmerkt innlese av Jan Martin Johnsen – for den som måtte ønskje å høyre lydboka.

Del på facebook
Hanne Buch:

Bestevenn på boks

Cover Bestevenn på boks

Helene har krangla med bestevenninna si, Anja. Ho skal liksom heile tida bestemme kva dei skal leike saman, men Helene har jo eigentleg berre lyst til å leike med dokker. No vil ho ha ein ny bestevenn og ho veit akkurat kor ho kan finne ho. Leiketøysbutikken har nemleg annonsert at dei sel bestevenner på boks, som alltid er klare for å leike, og ho kan til og med velje kva for eigenskapar venen skal ha!

Framme i butikken kan ho sjå dei ulike modellane, det finst tullete, smarte, gøyale og rampete bestevenner. Ein elskar brettspel, ein annan spøkelseshistoriar, men Helene vil ha Dukke-Lise, ho lille søte med musefletter, som elskar å leike med dokker.

I byrjinga er alt vel, dei leikar med dokker heile dagen og Helene legg seg nøgd på kvelden. Men berre eit par timar seinare vakner ho av at Dukke-Lise lyser ho i ansiktet med ei lommelykt, ho vil leike meir, NÅ! Og sidan vil ho vere med til skulen, men det går jo ikkje, for ho tåler ikkje å vere ute. Etter skulen vil Dukke-Lise leike med dokker, sjølvsagt, og Helene blir nøydd til å utsette leksene. Men da ho snik seg ned i stua for å lese litt blir bestevenen rasande!

Dette er fyrste boka i ein serie for barn i alder 6-10 år. Her er ganske mykje tekst, så det vil nok fungere best som ei høgtlesingsbok, i hvert fall for dei minste. Boka er illustrert med fantastisk detaljerte og fargerike bilete som passar teksten, gir liv til boka og kan vere utgangspunkt for samtalar og tankespinn. Heime hjå oss har ei åtte år gamal jente kvalitetstesta boka og gir 5 av 5 poeng! 

Del på facebook
Christer Mjåset:

Det er du som er Bobby Fischer

Cover Det er du som er Bobby Fisher

Barndomskameraten Kristoffer har omkome i ei bilulukke, og Håkon må - etter nesten tretti år - ta turen tilbake til heimbyen Lillehammer for å delta i gravferda. Det er dystre hendingar i oppveksten som har ført til denne avstanden for Håkon, og allereie i det toget passerar Moelv veit han at han angrar – han skulle aldri reist.

Det var gjennom sjakklubben Håkon vart ven med Kristoffer. Kristoffer som budde aleine med faren sin. Ingen søsken. Kva som hadde skjedd med mora, visste ingen. Ein spurte heller ikkje om slikt. Saman går dei to unggutane laus på kjente, historiske sjakkparti, og favoritten blir partia til den legendariske Bobby Fischer under verdsmeisterskapen i Reykjavik i 1972. Og det var alltid Kristoffer som spelte Bobby Fischer. Men ungdomstida besto ikkje berre av sjakk for dei to gutane. Dei konkurrerte også om Agnes. Og dei var med i ein gutegjeng som raida fråflytta hus, selde ting dei hadde stelt og oppbevarte tjuvgods og trofé i ein bortgøymd bunker. Ei jente frå Brummunddaltraktene forsvinn, og mykje tydar på at ho er blitt bortført. Så blir også Agnes borte …

Notidshandlinga i romanen går føre seg i løpet av ein dag, gravferdsdagen. Ein av dei gamle kompisane har lagt opp til eit heilt eige gravøl for den nære venekretsen. Gjennom tilbakeblikk på hendingar frå fortida kjem uavklarte spenningar til overflata, og vi får gradvis avdekt grunnane til at Håkon ikkje har besøkt heimbyen sidan han flytta derifrå som 14-åring.

Dette er ikkje ein tradisjonell krim, men ein utruleg spennande oppvekstroman med eit krim-tilsnitt.

Del på facebook
Kristine Tofte:

Udyr

Cover udyr

For tusen år sidan var det andre gudar som herja i Noreg, så kom Kvitekrist, og Odin, Tor, Frøy og Loke forsvann. Men kva om dei ikkje blei borte? Kva om dei rett og slett berre tok seg ein ferie?

Amund får det ikkje særleg bra til på skulen, alt er så grenselaust kjedeleg, å sitte stille passar rett og slett ikkje for han. Som eit eksperiment foreslår læraren at han kanskje kunne prøve ein praksisplass ein dag i veka? På garden til Agnar Bru? Amund trur ikkje sine eigne øyre... skal han være gardbrukar? Han som ikkje eingong klarer å passe på ein hamster eller en fisk? Latterleg, og kjedeleg! Han vil jo bare ut og bade og henge med venene sine!

Neste morgon kjem han fram til Bru gard, og etter ein kjapp omvising på det falleferdige bruket fortel bonden at han skal vekk, og ønskjer Amund lykke til som avløysar, er han gal? Amund skal berre huske å mate dyra med raude eple, ikkje dei gule, dei er for spesielle anledningar...

Sovande i graset blir Amund vekt av at Ida, den finaste jenta i klassa, står ved sida hans. Ho har høyrt at han skulle være her, og vil hjelpe til. Og hjelp kan han saktens trenge, når Ida ved ein feil gir det gamle øket Sleipner eit gult eple, og den gamle hesten plutseleg blir ung, vital, enorm og åttebeint!

Herleg, humoristisk fantasy tufta på norrøn mytologi. Forfattaren har tidlegare skrevet fantasy for vaksne, men denne boka er nok tiltenkt eit noko yngre publikum, likevel er dette ein sann lesefest også for oss som er ferdige med den første ungdommen!

Del på facebook
Elin Viktoria Unstad:

Brådypt

Cover Brådyåt

Vilja vaknar ein morgon av at det er nokon inne på rommet hennar. Ho rekk ikkje å oppfatte kven eller kva, før han har pressa ei hand over munnen hennar og ho plutseleg kjenner eit stikk i skuldra, så blir alt svart. Når ho kjem til seg sjølv att, er ho på ei øy, ein framand stad, med ein framand mann. Kidnappa!

Etter ei stund blir ho igjen dopa ned, og vaknar ved eit lite vatn ikkje langt frå heimen, ho spring heim for å roe ned familien som sikkert er frå seg av angst, men då ho kjem heim er det ingen der. Ein kjapp telefon avslører at dei ikkje er ute og leitar heller, dei har rett og slett ikkje merka at ho har vore vekk i det heile.

Ein psykologisk thrillar om ei 16 år gamal jente som er traumatisert etter ei nestendrukningsulykke og slit med depresjonar og hallusinasjonar. Etter den dramatiske kidnappinga trur alle at ho er i gang med fantasiane sine igjen og tek ho ikkje alvorleg, men så forsvinn storesystera...

Del på facebook
Øyvind Rimbereid:

Solaris korrigert

Bok-cover: Solarisk korrigert

Det går mot jul, og midt oppe i alt som skal vere klart innan julaftan får vi gjerne mindre tid til å lese. Men for oss som alltid treng å ha ei bok liggande på nattbordet, kan ei dikt- eller novellesamling vere løysinga. Eg har derfor lyst til å trekke fram Stavangerlyrikaren Øyvind Rimbereid og hans fabelaktige diktsamling Solaris korrigert som kom i 2004.

Det første diktet er eit omkring 40 sider langt episk framtidsdikt lagt til år 2480. Stemninga minner om George Orwells 1984: Høgteknologien har sigra, fantasi er straffbart og den autoritære staten har full kontroll over menneska gjennom eit strengt rangdelt klassesamfunn. Men det som ved første augekast er mest påfallande, er språket. Rimbereid skapar i titteldiktet eit slags framtidsnorsk, ei blanding av norrønt, stavangerdialekt, engelsk og nederlandsk, i tillegg til at han brukar forkortingar og samantrekningar som minner om sms-språk. Eit språk som kanskje har blitt til gjennom det multinasjonale samarbeidet i oljeindustrien?

Dei to siste delane av den tredelte diktsamlinga er skrive på rein stavangerdialekt. Del to består av eit dikt over 3 sider – Retrospeksjon – som tener som ei tidsreise frå år 2480 og tilbake til vår eiga tid. Dei 7 dikta i den tredje delen går føre seg i vår tid.

Eg-stemma i titteldiktet er ein slags arbeidsformann for robotar innan offshore i Organic 14.6, ein bydel i STAVGERSAND – ei samansmelting av Stavanger og Sandnes. Om robotane fortel han at: «DEIRS kollectiven/breyn er abstract/og exist onli millom dei, (...) DEI veit ne om/kverodder». Fordi samfunnet står i fare for å gå under, har Mrs. Chan, ei slags kvinnelig utgåve av Orwells ”Big Brother” bestemt at nesten heile 14.6 skal flyttas til ”seifa botten”- ein tom oljebrønn ute i Nordsjøen.  Solaris skal den heite, og her skal det projiserast bilete frå verda oppe i dagen. «FRA all siddys, fra kvar street, bygg, beach, fra mang og biggast skogs … DESSA picts kan endrast, skiftst, kan blandast all eftr wat wi i 14.6/vil og treng.»

Vår mann er tru mot systemet, og er derfor plukka ut som ein av dei første som skal stige ned til Solaris. Men han har ein defekt i hjernen som fører til «ein noko for staerck production af eigne pics» – altså han lagar for mange bilde i sitt eige hovud. Det fører til at han stiller seg kritiske og undrande spørsmål under  førebuingane til nedstigninga. Kva skil meg frå robotane? Kva vil skje om vi får kontakt med liv på andre planetar?

Det er ei utfordring å dekode teksten, og det krevjast ein viss konsentrasjon å lese den, men det er utruleg fasinerande. Det fremmedarta ved språket er med på å underbygge det sciencefictionaktige på ein glimrande måte, samtidig som at det gir ein fin driv og rytme i lesinga. For meg var språket det som først gjorde meg interessert i teksten, og eg måtte faktisk bruke mykje lenger tid på dei to siste delane - som ”berre” er skrive på stavangerdialekt - før eg fikk tak i heilskapen i diktsamlinga. Men det var det altså vel verd.

Del på facebook
Göran Tunström:

Juleoratoriet

Bok-cover: Juleoratoriet

Det er så mange fine romanar å velje i, så enkelte blir liggande på vent. Ein som eg har hatt «på vent» i årevis er Juleoratoriet av Göran Tunström. Men dette er verkeleg ein roman det er vel verdt å ta fatt på!

Handlinga finn stad i Sunne i Värmland, i dei harde 1930-åra. Den driftige bondekona Solveig er sentrum i familien Nordensson. Høgt elska mor for Eva-Liisa og Sidner. Ei kone Aron kunne vere stolt av. Ei fri kvinne som ikkje kjenner seg bunde av bygda sine konvensjonar. Ho vaks opp i Kansas, og kom med nye skikkar frå Amerika - mellom anna kyssing midt på dagen! Naboane blir ikkje flaue, men lar seg inspirere: «Nå skal du få smake noe fra Amerika!» sa dei, og omfamna ektefellene og kjærastane sine midt på blanke føremiddagen. Og frå heimen deira strøymer det musikk frå både grammofon og piano.

I ti år har Solveig og kyrkjekoret i Sunne arbeida med å øve inn Johan Sebastian Bachs Juleoratorium. Takt for takt, del for del har dei arbeida seg gjennom verket. Det er to månader igjen til den store konserten der ho skal vere solist. Men det blir ingen konsert. For Solveig døyr allereie på side 18.

For mange går både musikken og livet no i stå. Ektemannen Aron, sonen Sidner og barnebarnet Victor som kjem til verda mange år seinare – alle blir dei prega av dette tapet. Korleis skal ein leve vidare etter eit slikt tap?

Romanen byr på eit rikt persongalleri, også  kjente namn som Selma Lagerlöf og Sven Hedin – svensk forfattar og oppdagingsreisande. Lesaren blir tatt med på reise heilt til New Zealand. Og sjølvsagt går Johan Sebastian Bachs «Juleoratoriet» som ein raud tråd gjennom heile romanen.

Göran Tunström fikk Nordisk Råds litteraturpris for denne fantastiske romanen i 1984. Den er også filmatisert.

Del på facebook
Bok-cover: Skilpadder hele veien ned

Aza Holmes lid av OCD, Obsessive-Compulsive Disorder, og kjent som tvangslidingar. Ho har rett og slett sjukeleg angst for bakteriar, og driv med sjølvskading i liten skala, i tillegg til at ho er 16 år, med alt det drar med seg av problemar. Ho har ei bestevenninne, ei mor som bryr seg, ein terapeut som gjer sitt beste og ein gamal bil ho har arva etter far sin som døydde då ho var 8 år, han heiter Harold, bilen altså.

Dette er ei kjærleiksbok og ei forteljing om vennskap, om angst, og om det å være 16. Når alt det viktige er livsviktig og alle som ikkje forstår er mindre intelligente, spesielt dei vaksne. Det er ei veldig fin bok, skreve for ungdom, men absolutt lesverdig for vaksne og. Ei historie som blir hos deg lenge etter at du er ferdig med siste kapittel.

Forfattaren har skreve fleire ungdomsbøker før og har solgt enormt bra. Han har lagt mykje av seg sjølv i boka og fortel om OCD frå eit sjølvopplevd perspektiv. Når han beskriv korleis tankane spinn rundt i negative spiralar når angsten kjem, er det så ein kan kjenne han komme krypande. Språket er levande, karakterane gjenkjennelege og ekte og boka går rett til hjarterota.

Del på facebook
Bjørn Vatne:

Nullingen av Paul Abel

Bok-cover Nullingen av Paul Abel

Dystopiar og science fiction har aldri vore heilt mine sjangrar, men da sunnmøringen Bjørn Vatne, tidlegare journalist i Sunnmørsposten og noverande leiar av Ålesund litterære salong ga ut Nullingen av Paul Abel i fjor, bestemte eg meg for å gjere eit forsøk.

Handlinga i romanen er lagt til 2060-talet, omkring 200 år etter Darwin. Lundefuglen er utrydda, brus og anna sukkerhaldig drikke er forbode som følgje av sukkermangel, forureining og klimakrise har herja og ført med seg så mange stormar at ein heilt har gått tom for både kvinne- og mannsnamn å gi dei. Ålesund er blitt ein fortetta og i stor grad forfallen by, og her bur vår mann, Paul Abel (42). Han  er professor i biologi ved NTNU Ålesund, og idet romanen tek til, skal kona Astrid starte i ny jobb som tingrettsdommar i Tinghuset.

Som dei aller fleste følgjer Astrid med i tida og har fått operert inn sjalken. «Den transkraniale sjalken var påført hjernebarken hennes som et atomtykt lag av grafén, en hjelm på innsiden av hodeskallen, puslet saman bit for bit av mikroskopiske roboter som ble sprøytet inn gjennom et millimeterstort hull i kraniet». Informasjon, kjensler og opplevingar blir spreidd ut til folk gjennom sjalken, den fungerer som sonekort på bybanen, stemplingskort ved universitetet - og telefon. For å nemne noko. Men den samlar også inn og lagrar informasjon om kva som går føre seg i hovudet på enkeltmennesket. Paul nektar å gi slepp på den gamle handhaldne varianten, som ikkje lenger blir oppdatert. Det gjer han ikkje ustraffa. Og så blir makta i landet - ved eit nærmast umerkeleg statskupp - overtatt av miljøpartiet Pan-etisk forbund, med den karismatiske leiaren Jan Rotgers i spissen.

Eg blei altså gledeleg overraska. Ikkje berre fordi det er interessant å få heimbyen skildra med framtidsauge, men dette er rett og slett god litteratur med mykje kreativitet både i språk og innhald. Ein til tider svært humoristisk dystopi, med islett av urovekkjande refleksjonar som innimellom får lesaren til å stoppe opp med ei litt ekkel kjensle av at framtida slett ikkje berre ser lys ut…

Del på facebook
Jacob Grey:

Kråkene

Bok-cover: Kråkene

Kra bur i eit reir, i eit tre, i ein park, i byen Blackstone. Han bur saman med tre kråker, men sjølv er han ein gut på om lag 12 år. Han har budd i treet nesten så lenge han kan hugse men synest ikkje det er spesielt rart, det er berre slik det er. Han kan prate med kråkene og, og slik har det alltid og vore.
 
Ein dag Kra og kråkevenene hans driv rundt i byen på jakt etter mat møter dei på ein eldre gut, som kan prate med duer. Det er merkeleg, for duer kan da ikkje snakke? Det viser seg snart at det er meir merkeleg i Blackstone enn Kra nokonsinne har hatt mistanke om, det er fleire som kan snakke med dyr, mange fleire, dei kallas dyremanarar og det er slett ikkje alle som har gode hensikter.
 
Kra lærer at det for åtte år siden var ei bølge av kriminalitet og råskap i Blackstone, ei maktkamp mellom dyremanarar, den mørke sommaren. Den sommaren drap Spinnemannen foreldra til Kra før han sjølv blei overvunnen. Nå tydar ting på at han er tilbake for å fullføre sine vonde gjerningar.
 
"Kråkene" er fyste boka i ein trilogi om dyremanaren Kra. Den er godt skreven og intens spanande. Fantasy for ungdom frå ca 10 år og oppover.
 
 

Del på facebook

1. september–30. april (vintertid)

Måndag 09.00–19.00
Tysdag 09.00–16.00
Onsdag 09.00–16.00
Torsdag 09.00–19.00
Fredag 09.00–16.00
Laurdag 10.00–14.00

Opningstider gjennom året.

Utanom opningstid kan du levere i eiga kassa i Sunndal kulturhus.

KONTAKT

Tlf.: 901 35 785

biblioteket@sunndal.kommune.no

Vi blir inspirert av