Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Sunndal folkebibliotek > Om biblioteket > Lån av lokale

Lån av lokale

Sunndal folkebibliotek kan brukast gratis av lag og organisasjonar til fylgjande føremål:

  • Studieverksemd
  • Arrangement/verksemd i samarbeid med biblioteket og kommunen elles
  • Arrangement/verksemd for born og ungdom som deltakarar
  • Opne gratisarrangement

Utlån til føremål som ikkje fell inn under dette skal i kvart enkelt tilfelle vurderast av biblioteksjefen.

Vilkår

Lånaren skal syte for:

  • ein ansvarleg person som skal ha oversyn med at aktiviteten går føre seg på forsvarleg vis
  • at lokalet med innhald blir handsama slik at det ikkje oppstår skadar
  • at lokala blir låst om aktiviteten vert avslutta etter stengjetid
  • at inkje materiale blir teke ut av biblioteket

 

Dei tilsette på biblioteket er ansvarleg for at kontor og rom som ikkje skal brukast er låst. Om høveleg kan materiale i biblioteket (bøker, tidsskrift m.v.) brukast i samband med aktiviteten i lokala etter avtale med biblioteksjefen. Lånar er erstatningspliktig om det oppstår skadar på materiale eller anna inventar.

 

Klargjering av lokala (t.d. flytting av reolar, montering av utstyr) og rydding etter bruk er i regelen lånar sitt ansvar etter tilvising frå dei tilsette på biblioteket.

 

Om nykel til lokala er utlånt, skal denne leverast seinast dagen etter bruk. Om utlånt nykel går tapt, kan dette føre til økonomisk ansvar knytt til endring av låsesystem.

 

Brot på vilkåra for lån av lokala til biblioteket kan føre til framtidig utlånsnekt.

 

Biblioteket kan etter eiga vurdering nekte utlån av lokala, dersom utlån til det aktuelle føremålet kan vere ressurskrevjande, uavhengig av årsaka til dette.

 

Tak kontakt for meir informasjon og vidare avtale.

1. september–30. april (vintertid)

Måndag 09.00–19.00
Tysdag 09.00–16.00
Onsdag 09.00–16.00
Torsdag 09.00–19.00
Fredag 09.00–16.00
Laurdag 10.00–14.00

Opningstider gjennom året.

Utanom opningstid kan du levere i eiga kassa i Sunndal kulturhus.

KONTAKT

Tlf.: 901 35 785

biblioteket@sunndal.kommune.no