Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Filmoteket

Filmoteket er biblioteka si eiga strøymeteneste for film. Her finn ein eit breitt og allsidig utval film av høg kvalitet. Eit filmbod som er tilgjengeleg når som helst og kor som helst!

 

Som registrert lånar hjå biblioteket får du tilgang til tenesta på www.filmoteket.no. Du kan velje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar som høver til både barn, ungdom, familiar, vaksne og eldre. Spennet er mellom klassikar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og sokalla blokbustere til smalare filmar i arthaus/independent-kategorien.

 

Du nyttar ditt nasjonale lånekort med tilknytt pin-kode for å låne film, og har tilgang til filmen i 48 timar etter utlån. Tilgangen har du på alle plattformar.

Biblioteket avgrensar kor mange filmar du kan låne per månad. Nett no kan du låne 4 filmar per månad. Denne grensa kan endre seg viss naudsynt.

 

Vi ynskjer deg ei god filmoppleving!

1. september–30. april (vintertid)

Måndag 09.00–19.00
Tysdag 09.00–16.00
Onsdag 09.00–16.00
Torsdag 09.00–19.00
Fredag 09.00–16.00
Laurdag 10.00–14.00

Opningstider gjennom året.

Utanom opningstid kan du levere i eiga kassa i Sunndal kulturhus.

KONTAKT

Tlf.: 901 35 785

biblioteket@sunndal.kommune.no