Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Surnadal folkebibliotek > Bruk biblioteket > Fjernlån og Norgeslån

Fjernlån og Norgeslån

Finn du ikkje det du vil låne i vår katalog, kan du la oss bestille fjernlån for deg, eller du kan bestille sjølv. Biblioteket er ein del av det nasjonale biblioteknettverket og kan bestille bøker frå bibliotek over hele landet, både andre folkebibliotek og universitets- og høyskulebibliotek. Vi bestiller også kopiar av artiklar i tidsskrift eller bøker.

Fjernlån

  •  Fjernlån er gratis for lånaren.
  • Du som låner henter og leverer tilbake materialet her på biblioteket, mens vi sørger for frakt mellom biblioteka.
  • Send gjerne e-post eller bruk kontaktskjemaet for å bestille og fornye fjernlån.
  • Er du usikker på kva du skal ha kan, det være best om du ringer eller kommer innom biblioteket, slik at vi er sikre på at det vi bestiller faktisk er det rette for deg. Mest mulig nøyaktige opplysninger om tittel, forfatter og eventuelt utgåve/utgivelsesår gjer det raskt og greit for oss å bestille det du treng.
  • Du kan sjølv gå inn på til dømes bibsys og søke opp bøkene, så du veit at dei har det du vil ha før du kjem til oss. Noter gjerne opp/skriv ut opplysningar om forfattar, tittel, utg. år osv. 

Lånefrist/fornying av fjernlån

  • Det er eierbibliotekets lånefristar som gjeld ved fjernlån.
  • Vær oppmerksam på at det kan være andre fristar og reglar enn for vanlege lån.
  • Eierbiblioteket avgjør også om eventuell fornying er i orden. Ta kontakt med oss for å fornye fjernlån, så gir vi deg beskjed så raskt som mogleg.

 

Norgeslån

 Norgeslån er ei teneste der du sjølv kan bestille materiale frå bibliotek andre stader og velje kva bibliotek du vil hente det på.

Ved 0 treff ved søk i mediabasen til vårt bibliotek vil du få opp meldinga «Du kan gjere eit samsøk i alle biblioteka i Møre og Romsdal» med ei lenke til Regionalt samsøk Møre og Romsdal.  Klikk på den og skriv inn søkeordet på nytt.

  1. Når du finn det du vil ha klikkar du på tittelen og vel kva bibliotek du vil låne frå (det nærmaste biblioteket som har ledige eksemplar). Klikk på Bestill.
  2. Logg deg inn med lånekortnummeret ditt (står bak på lånekortet) og pinkoden.
  3. Du vil få beskjed på e-post, SMS eller pr. brev (alt etter kva du valde når du registrerte kortet ditt) når det du har bestilt kan hentast på biblioteket.
  4. Du henter, fornyer og leverer materialet på ditt lokale bibliotek.

 

Biblioteksøk –søk i felles katalog for norske bibliotek (dei fleste større bibliotek er med her).

Bibsys – fagbibliotekas katalog.

Møre og Romsdal samsøk - felles søkeside der du kan du søke samtidig i alle biblioteka i fylket.