Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Få lånekort

Lånekort får du på biblioteket. Alle som er busett i Noreg har rett til å få lånekort, og kortet er gratis for nye lånarar. Personar over 15 år må vise gyldig legitimasjon med bilete og personnummer. Barn må ha begynt på skulen for å få eige kort, og alle under 13 år må ha med underskrift frå en av sine føresette.

  • Ta alltid med lånekortet når du kjem for å låne.
  • Lånekortet er personleg og må ikkje lånast bort til andre.
  • Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som lånast på kortet. Føresette er ansvarlege for det barn låner.
  • Vaksne kan ikkje låne til seg sjølv på lånekortet til ungane sine.
  • Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglane.
  • Føresette har ansvar for å rettleie barna slik at dei lærer å overhalde lånefristane og behandle biblioteket sitt materiale fint.

Felles lånekort
kan brukast i alle bibliotek i Noreg. Dersom du allereie har dette lånekortet (frå eit anna bibliotek) og ønskjer å bruke det her hos oss, må du vise kortet og legitimasjon i skranken. 

Mista/tapt kort
Det er gratis å få lånekort første gang, men dersom du mister kortet må du betale eit lite gebyr for å få nytt kort. Gi beskjed til biblioteket om du mistar det eller lånekortet blir stole. Biblioteket vil sperre det for å unngå misbruk inntil du får ordna med nytt kort.

Meirope bibliotek

Du kan no få tilgang til biblioteket utanom dei vanlege opningstidene frå 7 om morgonen og til 22 om kvelden. Ta med lånekortet ditt i opningstida ein dag og teikn avtale om det!

Nasjonalt lånekort