Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Utlånsreglar

Alle som bor i landet, og som har fylt 6 år, kan få lånekort.  Barn under 13 år må ha underskrift frå føresette. Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne. Meld frå om flytting eller tap av lånekort.

Kor lang er lånetida?
Lånetida for bøker, lydbøker og språkkurs er 4 veker. Lånetid for tidsskrift og musikk er 14 dagar. Lånetid for film er 7 dagar. Lån kan fornyast om ingen står på venteliste.

Kostar det noko?
Det er gratis å låne, men det kostar å levere for seint. Ein må betale eit gebyr på kr. 50 for 1. purremelding og nye kr 50 for 2. purremelding. Det er gratis å bruke Internett.

Kva med bøker som biblioteket ikkje har?
Bøker som er lånt ut kan reserverast. Bøker vi ikkje har, kan som regel lånast frå andre bibliotek.

Biblioteket hjelper deg med å finne informasjon. Er det noko du lurer på, så ta kontakt med dei tilsette på biblioteket.

Kva forpliktar eg meg til?
Å ta vare på lånt materiell, å melde frå om feil og sikre sirkulasjon ved å levere tilbake innan lånefristen.

Erstatning av tapt/skada materiell
Etter 2. purrebrev får du krav om erstatning for det du ikkje har levert tilbake.

Erstatningssatsar

Særleg verdifulle bøker, språkkurs, lydbøker med mange cd-ar, billigbøker, deler av verk, verdifullt eller sjeldent materiale vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle. Erstatningskrav på fjernlånsbøker følger eigarbiblioteket sine satsar.

  • Gebyr for nytt lånekort (det 1. er gratis): kr 30.
  • Lån utan lånekort: kr 10.

Vaksne:

  • Bøker, lydbøker og teikneseriar kr 525 
  • DVD, musikk-cd kr 315
  • CD-ROM kr 525
  • Tidsskrift kr 105
  • Konsollspill kr 630
  • Språkkurs kr 1050

Omkostningar ved erstatningskrav kr. 55 

Barn:

  • Bøker og teikneseriar kr 260
  • Lydbøker kr 315
  • DVD, musikk-cd kr 260
  • CD-ROM kr 525
  • Tidsskrift kr 105
  • Konsollspill kr 630

Lånarar under 16 år slepp omkostningsgebyret på kr. 50

 

Kopiering m.m.:

  • Kopiering og skanning: A4 - svartkvit kr 5
  • Kopiering og skanning: A3 - svartkvit kr 10
  • Skann til e-post kr 15
  • Plastposer kr 5
  • Tøyposer kr 25